Det er European Traffic Safety Council (ETSC) som i den årlege rapporten sin peikar på Noreg som best i Europa.

Sverige følgjer etter Noreg med 22 døydde per million innbyggjarar. Også i Storbritannia, Danmark, Sveits, Irland, Tyskland og Finland er trafikkdødelegheita låg, med under 35 døydde per million innbyggjarar. Romania (86) og Serbia (83) ligg i andre enden av skalaen, og er Europas minst trafikksikre land.

Med eit gjennomsnitt på 46 trafikkdrepne pr. ein million innbyggjarar, er likevel dei europeiske vegane sikrare enn vegane i andre verdsdelar.

Dette er sjølvsagt inspirerande, og viser at sjølv om vi opplevde dårlegare resultat i fjor, så gjer vi mykje rett. Dette kjem av eit målretta, systematisk og kunnskapsbasert arbeid over tid. Men vi har sett oss tøffe mål med nullvisjonen – ein drepen eller skadd i trafikken er éin for mykje, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland i Statens vegvesen.

I eit tiårsperspektiv går utviklinga rett veg. Samanlikna med 2012 har landa i Europa 5868 færre drepne på vegane i 2022. 140.000 vart hardt skadde i Europa i fjor.

(©NPK)