Det kommenterte ordførar Stein Aam (Sp) då formannskapet diskuterte tilstanden på skulebygningane i Ørsta denne veka.

– På Sæbø har vi større areal enn vi har behov for, og det kostar å halde ved like. Det vil vere betre å få eit nytt bygg med ein meir tenleg storleik, sa ordføraren.

Skuleseksjonen og eigedomsseksjonen har i fellesskap lagt fram ei kartlegging over behova for utviding og rehabilitering av skulebygga i Ørsta. Hovudkonklusjonen er at bygga på Sæbø og i Hovdebygda er utslitne, medan skulane i sentrum er for små.

Administrasjonen tilrår å sanere ungdomsskulebygget ved Sæbø skule og bygge nytt. Dette er kostnadsrekna til 26 millionar kroner.

På Hovden skule er tilrådinga eit nybygg som erstattar øvrebygget. Dette er kostnadsreknar til om lag 46 mill. kr. Administrasjonen fekk skryt for arbeidet som er lagt ned i kartlegginga.

– Dette er eit veldig godt svar på det vi har bedt om, sa Gunnar Knutsen (V).

Han etterlyste likevel ei drøfting av korleis kommunen bør sjå samanhengen mellom nye skulebygg og byggeklare tomter.

– Investerer vi i eit skulebygg, skal det også vere høve til å busette seg i nærleiken.

Per Are Sørheim (H) såg føre seg ein vanskeleg balansegang mellom behova for utviding og behova for vedlikehald.

– Korleis skal vi vekte opprusting av dei nedslitne skulane på Sæbø og i Hovdebygda med presset vi ser på sentrumsskulane?

Vikemarka skule er også problematisk på andre måtar. Skulen er overfylt, men det er ikkje lovleg å utvide kapasiteten før eit fonnvern er på plass.

– Vi jobbar likevel med å få NVE med på å bygge grupperom. Det vil ikkje vere ei utviding av kapasiteten, og kan difor verre innanfor lova, sa Kirsti Øy Driveklepp, seksjonsleiar skule, då ho orienterte formannskapet om saka.

I prioriteringslista frå administrasjonen, er det lagt opp til at kapasitetsproblema ved Velle skule skal løysast først (i 2017). Deretter kjem grupperom på Vikemarka (2017), nybygg på Sæbø (2018), nybygg på Hovden skule (2019), nybygg på Vikemarka (2019), grupperom, branndokumentasjon og renovering på Dalane (2019), tilleggsareal på Ørsta ungdomsskule (2020) og renovering av nedrebygget på Hovden skule (2020).