Onsdag vart Vinmonopolet ved Amfi Ørsta tildelt tittelen «Miljøfyrtårn».

Samstundes kunne dei sleppe nyhenda om at alle hovudgruppeskilt, trykksaker og kampanjemateriell no får nynorsk målform. Dermed er til dømes «rødvin» og «hvitvin», bytta ut med «raudvin» og «kvitvin».

Det gjer mållagsleiar Terje Kjøde glad.

– Eg veit at det er dei tilsette sin innsats som har bana veg for målskiftet, og difor vil mållaget heidre dei med ei utmerking – nemleg «målblomen», seier Kjøde.

Sjeldan pris

Han fortel at denne heideren berre vert delt ut maksimalt ein- til to gonger i året, og er ei påskjøning til aktørar som arbeider for å fremje nynorsken.

Sist var det Kiwi Vallabøen og Hotel Ivar Aasen som fekk same heider. Sistnemnde gjorde seg fortent til målblomen då dei skifta ut «Vikingfjord»-profilen med frontinga av sjølvaste far til nynorsken.

– Vinmonopolet i Ørsta er eit føredøme for alle dei andre forretningane på Amfi. Mange av butikkane her nyttar bokmål, medan nokre til og med brukar engelske uttrykk, som til dømes «sale». Det er ikkje ein nynorskkommune verdig, seier Kjøde.

Takksame

Vinmonopolet sin daglege leiar, Anne Karin Brautaset Bae, seier at alle dei tilsette er takksame for målblomen, og stadfestar at det har vore ei fanesak å få sentralleiinga til å forstå at det er nynorsk som må råde når dette er kommunen sitt styringsmål.

Det er leiinga no samde i. Dermed får nynorsken no innpass i heile 40 av dei totalt 271 butikkane i Vinmonopolet.

Leif Øye (80) er kunde ved «polet», og tykkjer det er eit tiltak som høyrer heime.

– Det er nynorsk vi har vakse opp med, så det er det vi bør leve med, seier han.

Leif Øye (80) er ein av dagens kundar som tykkjer det er bra nynorsken har fått innpass også på Vinmonopolet.