NAV-leiar Eli Grøtta er godt nøgd med dei nye lokala i Ivar Aasen-gata, like ved busshaldeplassen.

– Etter ein formidabel dugnadsinnsats, der dei tilsette har stått på for å kome i mål med flyttinga, er vi no på plass i flotte lokale der vi har fått det slik vi ønskjer. Og no er vi svært godt nøgde, og har fått ein ny giv der vi skal verte vande med eit nytt system. Huseigaren har strekt seg langt for å innfri ønska våre, og standarden på lokalet er høg, seier Eli Grøtta nøgd.

Noko av det ho trekkjer fram av fleire positive endringar er at både omsynet til personvern og tryggleik no er sikra på ein svært mykje betre måte enn før.

I motsetnad til i dei tidlegare lokala i Strandgata, er NAV Ørsta-Volda no samla i ein etasje. Også dette synest Grøtta er veldig bra.

Første opningsdag i dei nye lokala var altså fredag, og i andre høgda i Tindebygget er det no full og hektisk aktivitet der dei tilsette skal setje seg inn i alt det nye.

NAV har skrive ein ti år lang leigekontrakt, med høve til fem års lenging, med huseigarane Arne Johan Rebbestad og Per Magne Mork. NAV disponerer vel tusen kvm i Tindebygget der det er tretti kontor, fleire møterom og andre fasilitetar.

Venterom

– Nytt er at vi har fått venterom, noko vi trur brukarane vil finne positivt, seier Grøtta. Ho er sjef for 31 tilsette. I tillegg finn ein nokre få fjernarbeidsplassar i dei nye NAV-lokala som ligg meir sentralt plassert enn før.

– Vi ligg rett ved sidan av bussar og drosje, noko vi også trur er positivt for brukarane, seier Grøtta.

Det lokale NAV-kontoret har to avdelingar, der den eine jobbar med mottak og den andre med oppfølging av brukarane som i dag tek kring to tusen personar i Ørsta og Volda. Hovudgruppene er sjukmelde og personar som mottek arbeidsavklaringspengar. På NAV jobbar også ei gruppe på tvers av begge avdelingane.

NAV utviklar seg stadig, og med meir tilrettelegging for sjølvbetjening via nettet er behovet for å kome i kontakt med tilsette redusert. Difor har NAV Ørsta-Volda redusert opningstida for brukarane.

– Poenget er at vi skal bruke tida betre på dei som har behov for det, fortel Eli Grøtta. Den offisielle opninga av NAV-kontoret er sett til 19. mars.

NAV sin førre huseigar, Ørsta Bruk AS, er no på jakt etter nye leigetakarar.

Butikk

– Vi har mykje ledig plass, kring 800–900 kvm, både til forretning, butikk og kontor, også kontorfellesskap, fortel dagleg leiar Ole Jørgen Ose. Ørsta Bruk eig dei tre første etasjane i Ørsta Bruk-bygget. Tor Torbjørnsen eig fjerde etasje.

– Vi har hatt fleire prosessar med ombygging og modernisering, og er fleksible i høve framtidige leigetakarar sine ønske, seier Ose. Han har von om å få leigt ut delar av nedste høgda om ikkje så lenge.

Leiar: Eli Grøtta er leiar for NAV Ørsta-Volda. Ho er svært nøgd med dei nye lokala som også har venterom for brukarane. Foto: Roy-Arne Folkestad
Flytta: Frå fredag var NAV på plass i nye lokale i Tindebygget, eit bygg som no er nær hundre prosent utleigd. Foto: Roy-Arne Folkestad