Ordførar Stein Aam er ikkje i tvil om kva namnet på ein ny kommune med Ørsta og Volda bør vere.

– Alle snakkar om Ørsta Volda som ei eining. Kvar søndag når eg er i fjøsen om morgonen seier dei det også på vêrmeldinga. «Temperaturen i Ørsta Volda er...». Så for meg er dette heilt klart. Namnet på den nye kommunen må vere Ørsta Volda. Er Nordfjord med foreslår eg Kviven.

– Kva med Volda Ørsta, repliserer Volda-ordførar Jørgen Amdam og humrar.

– Vi vert nok samde.