Familiebedrifta Ørsta camping går så det susar i sommarvarmen. Campinggjester kjem frå nær og fjern, samstundes som kiosken mettar bygdefolket.

– Det er litt meir trykk i sommar enn tidlegare. Mai var veldig bra, juni gjekk som normalt, og juli har vore veldig bra, seier dagleg leiar Vivian Ose Flø.

– Det er to ting som har endra seg: Det kjem fleire folk med telt, og det kjem folk frå fleire nasjonalitetar, som russarar og sveitsarar. Ikkje forstår eg kva som har skjedd, men eg trur det generelt er meir turistar som kjem til Noreg for tida.

Starta som fiskecamping

Campinga på Ose vart etablert tidleg på 60-talet, og har vore i familien i tre generasjonar. I starten var gjestane folk som kom for å fiske i Ørstaelva, og som trengde ein plass å bu. Sidan har campinga ekspandert og utvikla seg i takt med tida.

Kiosken vart etablert for 32 år sidan – i 1986 – og utgjer i dag mellom 85 og 90 prosent av omsetnaden til Ørsta camping. Det er altså ikkje reint få hamburgarar og biffbaguettar som vert servert gjennom luka i løpet av året. For det er rask og rimeleg mat ørstingane vil ha. Ikkje sjeldan står det lange køar av bilar utanfor bygningen. I tillegg er det laga til sitteplassar på innsida.

– Det er vanskeleg å drive restaurant i Ørsta. Ein må vere som poteten om ein skal overleve med matservering. Ein kan ikkje reindyrke det. Det er det ikkje grunnlag for. Folk vil ikkje spandere ein tusenlapp for eit måltid kvar fredag og sitte ved sida av naboen. Draumen hadde vore å ha noko slikt, men eg trur ikkje det er gjennomførbart. Det har vore prøvd mange gongar. Ein må ha det på eit prisnivå som folk toler å bruke, konstaterer Ose Flø.

I tillegg til dei ordinære smårettane, forsyner gatekjøkenet på Ose ofte bedrifter med overtidsmat.

– Når alt anna er stengt, får vi moglegheit til å levere litt som vi ikkje sel elles.

Framoverlente investeringar

Til saman er det 15–20 tilsette på Ørsta camping, medrekna alle i større eller mindre stillingar. I fjor omsette bedrifta for 9,44 millionar kroner, ein oppgang på nær tre hundre tusen frå året før. Ose Flø seier dei er opptekne av å ikkje falle bakpå, men heile tida oppgradere og halde campinga ved like og moderne.

– Det er veldig kostnadskrevjande, men vi set alt vi tener inn att i campinga for å ha ei raskare utvikling. Det er stadig noko som treng oppgraderingar. Vi pussa til dømes opp sanitæranlegget for ein million kroner i fjor. Hadde vi ikkje hatt kiosken, hadde ikkje det gått. Den finansierer mykje, og skaper arbeidsplassar, seier ho.

– Vi har det heile tida i bakhovudet at vi skal lene oss framover i eit litt raskare tempo og byggje ut. Eg har til dømes nokre planar for neste år, men dei kan eg ikkje avsløre enno.

– Viktig med aktivitet

Å drive ein levande campingplass, er viktig for Ose Flø. Når kundane er nøgde, er ho nøgd.

– Campinga er viktig for meg. Å skape aktivitet og at det skjer noko, er viktigast. Eg trivst godt med dette. Så møter eg mange positive folk. Nittini prosent av gjestane er veldig trivelege. No har eg berre ein ambisjon: Å overtyde neste generasjon om at det er moglegheiter her, og at dei kan skape sine eigne ambisjonar på vegner av seg sjølv og campinga. Eg syns det er viktig å få med ungdomen og la dei sleppe til, og vise at ein kan leve rimeleg godt av dette, med ei anstendig løn.