– Vi har planar om å få på plass ein urnelund allereie i haust, seier kyrkjeverje Jostein Stråbø i Volda.

Opphavleg var planen å etablere ein urnelund i samband med renoveringa av kyrkjegarden ved Volda kyrkje, eit prosjekt som let vente på seg. I staden vert det altså etablert ein urnelund på Leirshaugen, som er hovudgravplassen for Volda sentrum.

Planleggingsfase

Etablering av ein urnelund er ikkje eit prosjekt som krev mykje anleggsarbeid og førebuing.

– Det handlar mest om å bestemme seg for eit område, lage eit kartsystem med merker i terrenget, og bestemme kva reglar som skal gjelde i området. Eit slik gravfelt må til dømes ha andre krav til gravminne, for det er mindre storleik på gravene. Då må gravminna også vere mindre. Om ein brukar normalstorleik, vert det alt for tett og vil ikkje sjå bra ut, seier Stråbø.

– Urnelunden vert som ein miniatyrkyrkjegard?

– På ein måte vert det det. Det finst mange løysingar. Nokre plassar har dei lagt ut naturstein på førehand, der alle gravene er definert med eit gravminne som ein set namna på i etterkant, med inngravering eller metallbokstavar. Vi er ikkje heilt ferdige å tenkje på korleis dette skal gjerast, seier Stråbø.

Tek mindre plass

Ein urnelund har fordelar over konvensjonelle graver ved at dei tek mindre fysisk plass og er enklare å drifte. I dag er det ikkje så mange i Volda som vel kremasjon, men det vert stadig fleire.

– Difor vil det vere positivt å få på plass noko slikt. Nokre set også urnene i familiegraver. Det er god ressursutnytting, seier Stråbø.

Nøyaktig kvar på Leirshaugen urnelunden skal etablerast, er ikkje heilt klart enno.

– Det er ein del område med skråande terreng som ikkje er nytta som vanleg gravfelt. Der kan det fungere ganske bra.

Ørsta har allereie urnegravplass

I Ørsta har det vore gravplassar for urner på Askjellhaugen heilt sidan gravplassen vart etablert på 90-talet.

– Hos oss er det eit eige felt nærast kyrkjemuren som er sett av til berre urner. Det er fleire og fleire som vel dette. Men det er ingenting i vegen for å setje ned ei urne i ei ordinær grav, og det er det dei fleste har gjort, seier kyrkjeverje Arnstein Myklebust ved Ørsta kyrkjekontor. Han fortel at det vart planlagt framover då Askjellhaugen vart gjort om til gravplass.

– Vi har rikeleg meg kapasitet. Då Askjellhaugen vart etablert, vart det teke høgd for mykje. Vi har både vanlege gravplassar, eit felt for urner, og eit felt som er lagt til rette for muslimsk gravlegging, seier han.