August er ei spennande tid for Ørsta Stoffsenter. Nyheiter for hausten kjem snart inn, og messe med hovudleverandøren Sandnes Garn i slutten av månaden vil røpe kva trendar og fargar som vil prege strikket til hausten.

Drivarane Mariann Skare og Nina Berge, fortel at trendane for året har vore mange, frå den populære Nancy-kofta til enkle, lette og lause genserar -og jakker. Generelt sett trur dei ullklede er i vinden, og at folk sett pris på kvaliteten.

– Det har vore mykje enkle trendar siste tida, som trekker til seg fleire yngre, men også eldre. Folk har generelt vorte flinkare til å strikke til seg sjølv, og dei set pris på skikkelege ullklede, i motsetnad til ei periode tilbake då folk til dømes gjekk mykje i fleece.

Strikketrendar

– Den strikkebølga som Skappel-genseren skapte nokre år tilbake, gav nok eit løft for strikking blant yngre, som eg trur har heldt fram, meiner Nina Berge.

Strikkebloggar og strikkegrupper på nett trur dei også kan vere til stor inspirasjon for mange – unge som eldre:

– Det kjem stadig folk inn som viser bilete av noko dei har sett på ein blogg, og som ønskjer hjelp av oss til å finne eit passande mønster og tråd, fortel dei. I april var dei på fagstrikkmesse, og i slutten av august ventar messa med hovudleverandøren Sandnes Garn.

– Når hausten kjem og det vert mørkare, roa folk seg om kvelden, og sesongen for strikking byrjar for mange. Vi står på trappa til nyheiter for hausten, og vi er spente på kva trendar og fargar som vil regjere.

Visjon

– Vi er bevisste på å ha skikkelege produkt i butikken, og vi sel til dømes ikkje akryl. Så ønskjer vi å vere ein butikk som kan gi sørvis gjennom heile gangen i strikkinga. Frå å rettleie om tråd, mønster og fargar, til å hjelpe med strikket undervegs om du står fast. Og det er det mange som nyttar seg av. Det er ein av fordelane med å handle med oss, framfor om du handlar på nett. I tillegg får du sjå fargar, kjenne på kvaliteten og konsistensen på dei ulike garna, og sjå og kjenne på utstilte ferdigstrikka modellar. Men det er ikkje til å leggje skjul på at vi merkar internetthandelen. Vi ønskjer å halde på konseptet vårt, og har ingen plan om å bli nettbutikk. Kanskje tenkjer vi feil, men butikken går rundt og har stabile tal. Vi har vore faste, kjekke kundar og vi gler oss til å kome på jobb kvar dag. Men det hadde vore kjekt om fleire «nybyrjarar» på strikk handla med oss, framfor å handle på nett, håper Skare og Berge.

<strong>Nyheit:</strong> Av desse papirgarna kan du til dømes hekle posar til å ha utanpå blomsterkrukker.
<strong>Trend:</strong> Kofta «Nancy» har vore populær siste året. «Islendar» kofta for gutar har også vore i vinden. Felles for alle er at dei er rundfelte, noko mange føretrekkjer for å sleppe å montere og sy fast armar til slutt.