Du har mest sannsynleg lagt merke til at tusenvis av rundballar har skifta farge denne sommaren. Det er ikkje tilfeldig. Meininga bak at graset til bønder er pakka inn i rosa plast er svært god. Kjøpet av den rosa plasten støttar nemleg Brystkreftforeningen.

Samarbeid mellom partar

Saman med norske bønder starta Felleskjøpet denne aksjonen. I pressemeldinga frå Felleskjøpet forklarar dei at det til saman er tre partar som bidreg. Bonden (kunden), Trioplast eller Tema og Felleskjøpet. Desse tre partane bidreg med 10 kroner kvar for kvar rull med rundballplast- eller nett som vert selt. 30 kroner for kvar rull vert dermed donert til brystkreftforsking. Totalt har Felleskjøpet selt 10.000 rosa plastrullar, noko som betyr at det til saman er kring 200.000 rosa rundballar spreidd utover markane til bønder i heile Noreg. Kampanjen er også meint for å skape auka merksemd kring brystkreftsaka.

Bøndene Hallvar Mo og Jørund Mo er to av mange bønder i kommunen som valde å bidra til aksjonen ved å pakke inn graset sitt i rosa plast, og plassere ballane godt synleg for offentlegheita. Saman har dei kjøpt 30 rullar med plast, som utgjer kring 500–600 rundballar.

– Eg synest det er veldig kjekt å bidra med dette. Det er ei god og viktig sak, og det er kjekt å hjelpe til med å skape blest rundt emnet, seier bonde Jørun Mo på Sæbø.

– Å betale litt ekstra er inga sak. Det har vi alle råd til. Vi bidreg til ei viktig sak som angår mange. Så er det artig å ha litt farge på markane vore!, kommenterer Hallvar Mo.

Berre frå Felleskjøpet i Furene vart det selt 150 rullar med rosa plast. Rullane utgjer kring 3000 rundballar.

– Desse vart selt ut på ein augneblink. Alle ville ha, og den rosa plasten vart sikkert utselt på under ein time. Tilbakemeldingane kring denne aksjonen har vore veldig positive. Det er ei viktig sak vi støttar. Det kan ramme all og ein kvar og det trengst stadig midlar til forsking, fortel assisterande butikksjef ved Felleskjøpet i Furene, Jon Helge Bjørndal.