Bustadbyggaren Tømrer Service AS saksøkte ein kunde i Ørsta for å ikkje ha betalt ekstrakostnader, samt for å ha nekta å overta huset til avtalt tid.

Firmaet kravde 475.675 kroner frå kjøparen, for ekstrautgifter og manglande betaling av disse.

Kunden på si side, kravde eit kraftig prisavslag på 536.525 og dagsmulkt, avgrensa til 450.000 kroner av retten, altså 986.525 kroner.

Retten ga den saksøkte kunden medhald i et krav på totalt kr. 177 582. Dette reduserer  den kravde sumen frå Tømrer Service, til 298 093. Kunden som kjøpte bustaden i Ørsta, og som utifrå etternamnet å sjå til truleg er eit ektepar, må betale innan to veker.

Retten kom ikkje til at saken hadde nokon klar vinnar eller tapar, då ingen av partane fekk fullt medhald eller i tilstrekkeleg vann «vesentleg gjennom» med sine krav. Derfor må partane dekke eigne sakskostnadar.

Dette gjekk konflikten ut på konkret

Retten hadde mange punkt å ta stilling til:

Var våtromma i den nye bustaden i tilfredsstillande stand, etter TEK 10-standaren?

Retten fann at våtromma, altså baderom, vaskerom og teknisk rom, ikkje vart levert i tilfredsstillande stand etter TEK 10-standarden. Dermed fekk kjøparen medhald i prisavslag på 106.562 kroner.

Var hellingsavvik for golv store nok til at det utløyste prisavslag?

Retten anslo disse avvika  til å vere for små til at kunden kunne krevje prisavslag for det.

Var Tømrer Service AS ansvarleg for å dekke ein ekstra runde med reingjering av ventilasjonsanlegget?

Ja, retten kom til reingjeringa som vart utført i første omgang truleg ikkje var tilfredsstillande, og at støvproblemet frå først

Hadde kjøparen rett til å nekte å overta bustaden?

Trass i at retten kom til at rengjeringa av ventilasjonsanlegget var mangelfult, svarte retten nei på dette spørsmålet.

Kjøparen hadde ikkje god nok grunn til å nekte å overta bustaden. Av same grunn fastslo retten at Tømrer Service AS ikkje skal betale  dagsmulkt.

Hadde kjøparen rett til å krevje å få utgiftar til konsulent erstatta?

Kravet om å dekka utgiftar til konsulent førte  ikkje fram, fordi lovverket ikkje ga heimel for eit slikt krav.

Var kjøparen blitt overfakturert, og hadde han krav på erstatning på grunn av det?

Retten fann ikkje bevis for at Tømrer service hadde overfakturert kunden, så dette kravet førte heller ikkje fram.

Tømrer service fakturererte ekstra for levering av steniplata, hadde dei grunnlag for dette?

Nei, seier dommen. Dette fordi det ikkje førelåg nokon skriftleg avtale. Det kom tydeleg fram i kontrakten at eventuelle endringar i levering måtte dokumenterast skriftleg. Det vart ikkje gjort.

Var montering av insektsnetting som kunden ikkje fekk, inkludert i prisen, og følgjeleg gjenstand for prisavslag, ettersom jobben ikkje vart gjort?

Retten konkluderte med nei på dette, fordi det ikkje er dokumentert at dette var ein del av leveranseforpliktinga. Det er heller ikkje å sjå på som ein mangel ved bustaden rettsleg sett.

Var det manglar ved taket som skulle utløyse prisavslag?

Kunden viste til manglar ved taket, mellom anna at takstein ikkje var festa med klips. Men dette vart retta opp i av Tømrer Service. Dermed seier dommen frå Søre Sunnmøre tingret at dette gir ikkje grunnlag for prisavslag.