I vår vart det lagt fram ein tilstandsrapport som viste at det var behov for investeringar på minst 150 mill. kr dei komande åra. Rapporten inneheldt også forslag til ei prioriteringsliste for investeringane, og rådmannen foreslår å følgje denne når ho no vil løyve dei første pengane til investeringar.

I 2017-budsjettet er det lagt inn midlar til Velle skule, Vikemarka skule og Ørsta ungdomsskule. Sæbø, Hovden og Dalane skular må vente.

I 2017 vil rådmannen løyve til saman 15.190.000 kr til skulebygg. Planen er vidare å investere 25 mill. kr på Velle skule i 2018, 24 mill. kr på Ørsta ungdomsskule i 2019 og 13 mill. kr ved Vikemarka i 2020.