Dei siste vekene har det stramma seg til i kommunereform-prosessen. Det har vorte klart at ei samanslåing av Søre Sunnmøre er lite sannsynleg per i dag. Årsaka til dette ligg både i samanslåingsskepsisen i Herøy og i at Ørsta og Volda i større grad har orientert seg mot kvarandre.

Likelydande vedtak i kommunestyra seier at dei to kommunane skal arbeide vidare med samanslåingsprosjektet. I desse dagar blir det gjennomført ei innbyggjarundersøking om samanslåing i Ørsta og Volda.

Kva fører ei slik samanslåing med seg i form av statleg støtte? Den moralske støtta er allereie på plass, i form av fleire uttalar frå assisterande fylkesmann Rigmor Brøste.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet planlegg også å gi økonomisk støtte til samanslåingar.

45 millionar

Om Ørsta og Volda slår seg saman, utløyser det 45 millionar kroner i statleg støtte.

25 av desse er går til å dekke eingongskostnadar kommunane får som resultat av samanslåinga.

Dei resterande 20 millionane er generell reformstøtte.

Begge typane støtte varierer etter innbyggjartal og tal på kommunar som slår seg saman. Det vil seie at ei samanslåing av heile Søre Sunnmøre utløyser langt høgare støtte (80 millionar kroner). Det er likevel grunn til å tru at dette også ville ha utløyst høgare kostnader.

Fleire kommunar - høgare støtte

Ei samanslåing av dei fire kommunane i ytre ville berre gitt nokre få tusen fleire innbyggjarar enn Ørsta og Volda. Likevel får denne samanslåing 25 millionar meir i støtte frå staten. Årsaka er fleire kommunar.

I tillegg desse eingongssummane, får kommunane vidareføre inndelingstilskot som om det framleis var fleire kommunar i 15 år. Deretter blir tilskota trappa ned over 5 år.

– Dette er ei gunstig og langsiktig ordning for kommunane, som får god tid på seg til å tilpasse seg nye rammevilkår, skriv departementet.

Regjeringa planlegg også ein gjennomgang av inntektssystemet til kommunane i samband med kommunereforma.