Det var knytt spenning til kva vedtak Ørsta kommunestyre ville ende opp med i kommunereformdebatten torsdag. Då formannskapet handsama saka, fjerna dei formuleringa til rådmannen om å arbeide fram ein intensjonavtale om samanslåing med Volda.

Ordførar Rune Hovde (H) varsla på førehand at han ville fremje forslag om å ta inn igjen i vedtaket at Ørsta skal samarbeide med Volda om ein intensjonsplan som skal danne grunnlag for ei folkerøysting om temaet neste vår.

– Vi må ta tak i elefantane i rommet her: Namn, kommunesenter, kva vi skal gjere med Tussa-aksjane, kva vi skal få, kva Volda skal få. Og det får vi ikkje svar på før vi ser dei inn i auga, sa Hovde då han fremja forslaget.

– Men det er heilt klart at det framleis skal vere reelle alternativ at Ørsta kan stå åleine, og at vi kan ta inn andre kommunar i diskusjonen om det skulle bli aktuelt. Eg kan kome til å røyste nei til ei samanslåing med Volda, om eg synest grunnlaget er for dårleg. Og eg kjem heilt klart til å følgje rådet vi får i folkerøystinga, la han til.

Skepsis frå Ap

Den sterkaste motstanden, kom frå Jostein O. Mo (Ap).

– Mange er opptekne av at det skal vere ein god reformprosess. Når fylkesmannen kjem til Ørsta og Volda og nærmast instruerer oss om å slå oss saman, så er ikkje det ein god prosess. No ser vi at oppfatninga om at Ørsta og Volda går i lag, spreier seg både i våre kommunar og andre stader, og då får vi ikkje fram dei reelle alternativa, sa Mo, og heldt opp oppslaget i Møre-Nytt førre torsdag.

– Innbyggjarane i ei ny, større kommune bør få det like godt eller helst betre enn i dag. Det er eg ikkje sikker på blir realiteten. Eg er freista til å gå imot heile greia, sa Signe Turid Barstad (Sp).

Avtale eller plan?

Det vart også diskusjon om kva tilnærminga til Volda bør kallast: Intensjonsavtale eller intensjonsplan?

– Om det hadde vorte kalla ei utgreiing, hadde vi vore komne langt, sa Paul Kristian Hovden (KrF).

– Når vi no kallar det ein intensjonsplan i staden for ein intensjonsavtale, står fram det som mindre bindande, og det er bra, sa Stein Aam (Sp).

Han har vore ein skeptikar til samanslåing. Likevel støtta han planen til ordføraren.

– Eg synest ordføraren summerte bra opp situasjonen i sitt innlegg. Vi bør sjå stort på det no, og stille desse vanskelege og viktige spørsmåla. Eg meiner at skal vi slå oss saman med nokon, så er det med Volda. Så blir det store spørsmålet kva råd vi får i folkerøystinga. Det rådet skal eg følgje, sa ringreven frå Senterpartiet.

– Vi må gi rådmannen symjeringar, slik at ho held seg flytande og kan halde fram prosessen, sa Gunnar Knutsen (V) og signaliserte støtte til ordførarplanen.

– Det viktigaste vi gjer no, er å legge til rette for at vi gjer ein god jobb framover. Ordføraren legg fram ei god løysing, som eg vil oppmode alle til å støtte, sa Inge Kolås (Frp).

– Det er fleire måtar å seie nei på. Ein måte er å seie nei. Ein annan er å byggje ein konstruksjon som er så stor at han vil havarere, sa Per Are Sørheim, og retta eit stikk mot planane om å slå saman 14 kommunar på Nordre Sunnmøre.

Det heile enda med at framlegget til ordføraren vart samrøystes vedteke. Her var det også inkludert vedtak om at det skal gjennomførast ei innbyggjarundersøking om kommunereform snarast råd. Denne er venta å vere klar før sommaren.