Det konstaterte Matias Austrheim frå talarstolen under kyrkjekaffien etter innsetjingsgudstenesta av den nye soknepresten, Ruth Eva Sollie, i Vartdal kyrkje søndag.

Vartdal kyrkje var nær fullsett denne festdagen, der Sollie på høgtideleg vis vart ønskt velkomen av representantar frå alle dei tre sokna i Ørsta. Til stades under gudstenesta, var m.a. sokneprest i Ørsta, Arne Moltubak, sokneprest i Hjørundfjord, Espen Aarseth, soknerådsleiar i Vartdal kyrkje, Kjetil Standal, og prost Ingeborg Matre. Matre stod for velsigninga av den nye medarbeidaren deira under innsetjingsgudstenesta.

– Ho er komen til ein flott plass: til Ørsta kommune, og til Vartdal kyrkjelyd. Med ein flott natur, og med mange kjekke folk. Mykje kjekt, men mykje å jobbe med, tala ho, før Sollie vart signa.

Feira ny fast sokneprest

Godorda florerte frå alle kantar gjennom fellesgudstenesta. At Ruth Eva Sollie, sokna i Ørsta, og Vartdal sokneråd vil utvikle eit godt forhold og samarbeid framover, verka dei alle overtydde om. Ikkje minst at Sollie vil utføre ein god jobb for Vartdal kyrkje, som sidan våren 2015 har stått utan fast sokneprest, då Arne Moltubak gjekk frå Vartdal kyrkje og over til Ørsta kyrkje. At kyrkja ikkje lenger står utan fast sokneprest vart det uttrykt stor glede for blant dei frammøtte i kyrkja.

Ein ny kvardag

Fram til Ruth Eva vart mor for fyrste gong for eitt år sidan, var ho tilsett som sokneprest i Hareid kyrkje sidan hausten 2013. At ho nyst er blitt mor og måten det har forandra livet og identiteten hennar på, og dei utfordringar som følgjer med oppgåva som mor, var noko av det ho trekte fram under si første preike i Vartdal kyrkje:

– Det har vorte tydlegare for meg at livet er så skjørt, at det er vakkert og skummelt på same tid, og at det er mykje eg ikkje har kontroll over, fortalde ho i ein del av opninga av preika, før ho trekte parallellar til Bibelen, og funderte over eksistensielle spørsmål. I alt skein det tydeleg gjennom at Sollie er lidenskapleg interessert i faget og dei spørsmåla som måtte dukke opp i yrket som sokneprest. Den blide soknepresten innrømmer at det vert ein liten overgang frå permisjonslivet, men at ho er veldig klar for – og ser fram til å byrje for fullt som sokneprest i Vartdal kyrkje.