– Som ordførar er eg forplikta til å få fram alle sider ved saka om kommunesamanslåing. Men framleis er eg der at eg meiner Ørsta godt kan stå åleine.

Det seier ordførar Stein Aam (Sp) etter to intense dagar med kommunesamanslåing på programmet.

Onsdag og torsdag var kommunestyra i Ørsta og Volda saman med administrasjonane i dei to kommunane samla i Loen for å drive fram samanslåingsprosessen.

Hovudinntrykket etter samlinga er at kommunesamanslåing er nærmare enn nokon gong. Aam er samd i at det er inntrykket.

- Kan verte oppfatta som vag

– Eg kan nok verte oppfatta som vag, men eg er forplikta til å få fram alle føremoner og ulemper med å slå saman Ørsta og Volda kommunar, seier Aam.

Difor presiserer han at han er vald inn i kommunestyret på Ørsta Senterparti sitt program.

– Eg står ved det som programmet seier, og eg meiner framleis at Ørsta godt kan stå åleine. Folk skal ikkje tvile på at det er synet mitt, seier Aam.

Strategien han har framover er å få fastslått verdiane Ørsta og Volda kommunar har.

– I dei vidare forhandlingane må eg til dømes få fram at Ørsta framleis ynskjer desentraliserte ungdomsskular,   desentralisert sjukeheimsdrift, og tenestetilbod på bygdene generelt. Vi skal framleis ha tenester på Sæbø, Vartdal og i Ørsta. Eg er vidare oppteken av at ingen skal seiast opp som følgje av ei kommunesamanslåing, seier Aam.

Investeringsbehov

Han er oppteken av at det vere eit godt fundament i botnen av ein samanslåingsavtale for Ørsta og Volda.

– I dette fundamentet må det kome fram kva som er av investeringsbehov i Ørsta framover. Ørsta har ein del meir verdiar og kapital enn Volda, og må få lov til å investere før ei eventuell kommunesamanslåing, insisterer Aam.

Hos Sanner

Måndag var Aam saman med ordførarane i Volda, Stryn og Hornindal på møte hos kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Der poengterte Sanner kva som ligg i forslaget til nytt inntektssystem for kommunane. I dette forslaget ligg det inne at Ørsta kommune vil tape 5,8 millionar kroner ved å stå åleine. Volda kan tape 7,6 millionar kroner årleg.

– Då kan det tvinge seg fram ein tvangssituasjon. Han kan også kome viss Ørsta seier nei, og Volda slår seg saman med Hornindal. Likevel, eg trur ikkje på dette, for det er avhengig av at denne regjeringa held fram. Det kan kome eit regjeringsskifte allereie i 2017, og då trur eg opplegget for kommunane kan verte annleis. Det forslaget som regjeringa no kjem med er urimeleg, og eg trur ikkje Kommune-Noreg vil akseptere dette. At Ørsta og Volda skal tape 238 millionar kroner samla dei komande sytten åra fordi vi ikkje slår oss saman, er urimeleg, seier Aam.

Lojal

Han karakteriserer Loen-møtet som veldig bra.

– Likevel, eg svelgjer ikkje alt. Ørsta greier seg veldig godt åleine, men eg vil lytte til kva folk meiner. Det er grunnsynet mitt. Eg vil vere lojal overfor kommunestyret sine vedtak, i saka, og før folkerøystinga den 19. mai vil eg kome med mitt råd i saka, fortel Aam.