Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen står fast på at det er rett å kommersialisere ruta Hovden-Oslo.

Det er i eit svar til stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal at samferdselsministeren skriv at «staten har ifølgje regelverket for kjøp av flyruter ikkje høve til å subsidiere flyruter med stort passasjerpotensial, som kan drivast kommersielt.»

– Eg synest svaret er passivt, seier Holen Bjørdal. Ørsta-representanten meiner samferdselsministeren berre lener seg på Transportøkonomisk Institutt (TØI) sine vurderingar.

– Solvik-Olsen verkar ikkje å vere særleg oppteken av verken næringslivet eller dei privatreisande. Det kan sjå ut som det er to omsyn som trumfar alt for statsråden: at departementet skal spare pengar og at statlege subsidiar skal vekk til fordel for «fri» konkurranse. Det er klassisk Frp-politikk begge deler. Eg trur ikkje nokon vert overtydd av dette svaret, seier Holen Bjørdal.

I svaret til stortingsrepresentanten seier samferdselsministeren at heile saka er godt fagleg forankra.

– Det nye tilbodet på regionale ruteflygingar i Sør-Noreg er basert på eit solid fagleg grunnlag. TØI utarbeidde i 2014 ei rapport med forslag til tilbodsopplegg som har vore på offentleg høyring, kommenterer Solvik-Olsen i svaret.

Han viser til at flyruta Ørsta/Volda-Oslo i dag er den anbodsruta i Sør-Noreg med flest passasjerar.

– Widerøe flyg i dag sju daglege avgangar, og TØI reknar med om lag 100 000 passasjerar i 2016. Staten har ifølgje regelverket for kjøp av flyruter ikkje høve til å subsidiere flyruter med stort passasjerpotensial, som kan drivast kommersielt, seier Solvik-Olsen.

Han poengterer at kommersiell drift inneber at flyselskapet avgjer billettprisar og talet på avgangar.

– I den vurderinga vil ein måtte ta omsyn til konkurranse frå Ålesund lufthamn. TØI har rekna med at konsekvensane vil vere at prisen for forretningsreiser kan auke, samstundes som det vil verte lettare å få billett på dei mest populære avgangane, seier Solvik-Olsen.

Frislepp: Samferdselsminister KetilSolvik Olsen står fast på at Hovde-Oslo-ruta er lønsam.
Kritisk: Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal håper Samferdselsdepartementet reverserer i standpunktet om kommersiell Oslo-rute.