Det seier ordførar Svein Flo i Stryn og Stig Olav Lødemel i Hornindal. Dei ynskjer å få til ein intensjonsavtale for samanslåing av kommunane Ørsta, Volda, Stryn og Hornindal som kan verte lagt fram for folkerøysting allereie no i mai.

På Loen-møtet vart det semje mellom Ørsta og Volda om at den vidare samanslåingsprosessen skal vere i to fasar. Den fyrste fasen handlar om ein intensjonsavtale mellom Ørsta og Volda for kommunesamanslåing som skal leggjast ut til folkerøysting den 19. mai i år. Andre fase er å kople på Stryn og Hornindal, med siktemål om ei eventuell samanslåing til 2020.

Dette synest Nordfjord-ordførarane lite om:

– Problemet med totrinnsrakettar er at den andre ofte ikkje vert avfyrt, og det fryktar vi også her, seier Flo og Lødemel.

Deira klare råd til Ørsta og Volda er å ta med Stryn og Hornindal snarast råd.

– Det kan køyrast to parallelle prosessar. Ørsta og Volda held fram med sitt arbeid om ein intensjonsavtale, og samstundes vert det forhandla om ein intensjonsavtale med oss. Hugs at Stryn og Hornindal allereie har framforhandla ein avtale, som formannskapet i Stryn allereie har tilrådd samrøystes. Vi har lagt ein mal som kan brukast også av Ørsta og Volda, seier Flo.

Han og Lødemel er klare på at Ørsta og Volda som samarbeidspartnerar i ein ny storkommune er høgaktuelt.

­– I Stryn har næringslivet vore klare på at dei ynskjer seg nordover. Historisk har vi hatt eit veldig godt samarbeid med Sunnmøre, og dei siste åra har hytteutviklinga vore eit eventyr. Det er sunnmøringar som byggjer, og kjøper lokalt, seier Flo.

– Og Ørsta og Volda er interessante med byfunksjonane dei har som senter for handel og offentlege tenester, seier Lødemel.