Ein bypakke med bompengar kan vere ein nøkkel til å løyse utfordringar som til dømes flyplasskrysset i Hovdebygda.

-  Vi har hatt møte med Statens vegvesen. Planen deira er å finansiere delar av Voldatunnelen med ein bompengepakke, og det prosjektet ønskjer dei å få Ørsta med på, seier ordførar Stein Aam (Sp) i Ørsta.

Stor trafikk

Torsdag skreiv Møre-Nytt om trafikkutviklinga på E39 mellom Ørsta sentrum og Hovdebygda. Det passerer no over 10.000 bilar i døgnet på strekninga på yrkesdagar, og fleire av kryssa på strekninga er svært problematiske i rushtrafikken.

– Flyplasskrysset må det iallfall gjerast noko med. Ei ny og sikrare løysing for krysset er ferdig regulert med ei rundkøyring som greiner mot flyplassen. Avinor er samd i at krysset må flyttast av omsyn til innflyginga til lufthamna, seier Aam.

I tillegg vil ei lenging av Torvmyrvegen i andre enden hjelpe situasjonen, seier ordføraren.

Bompengar må gi gulrøter

Han ser føre seg at ein bompengefinansiert «Ørsta/Volda-pakke» i tilknyting til Voldatunnelen er ei moglegheit for å få fart på fleire samferdsleprosjekt i Ørsta.

– No ser det ut til at det går nokre år før vi får ei avklaring om Ørstafjordkryssinga. Dersom det skal vere aktuelt for Ørsta å vere med på ein slik bompengepakke utan Ørstafjordkryssinga, må han inkludere fleire tiltak enn Voldatunnelen.

– Du meiner altså at prosjekt som flyplasskrysset bør bli del av ein slik pakke?

– Korrekt. Flyplasskrysset og dei andre kryssa på E39 er eitt døme. Ein bypakke kan vere med å finansiere ei endeleg løysing på den trafikkfarlege situasjonen i Hovdebakken. Vi har også Osbrua i Ørsta sentrum, miljøgate gjennom sentrum, gangveg mellom Ørsta og Volda og trafikksituasjonen rundt skulane i kommunen er andre prosjekt som bør inn, seier Aam.

Han er likevel klar på at dette framleis er på pratestadiet i Ørsta kommune.

– Det er veldig tidleg å seie noko konkret om dette, og eg må få ta atterhald om tankane eg kjem med no. No må vi ta ein runde internt i kommunen. Men eg trur dette kan vere ein måte å kome i gang med ein del prosjekt, og Statens vegvesen er iallfall veldig opptekne av at vi skal vere med.

– Lysregulering er lansert som

kortsiktig løysing

– Det har vore drøfta om det kan vere ei kortsiktig løysing å montere opp trafikklys i flyplasskrysset og andre vanskelege kryss. Dei som har stått i flyplasskrysset rundt halv fire-fire på ettermiddag, veit kor vanskeleg det er å kome inn på vegen, seier ordførar Stein Aam.

I torsdagsavisa sa Statens vegvesen at lysregulering med sensorar kan vere ei løysing, men at også dette kostar pengar. Ved Brosundet i Ålesund kosta det fem millionar kroner å få på plass ny lysregulering, ifølgje vegvesenet.