Ørsta var plukka ut blant elleve kinoar av dei 150 kinoane Adjø Montebello blir vist på. Elleve stader i landet som skulle få besøk av Karpe Diem.

– Vi beklagar å måtte seie at det ikkje er sikkert at Karpe Diem kjem likevel. Flyet klarte ikkje å lande på Hovden, så dei er no i Ålesund-.

Dette måtte kulturhussjef Janne Skarstein meddele. Med tanke på at rapduoen skulle til både Stryn og Nordfjordeid same kveld, så det såg stygt ut.

– Det er kjipt sa Margrete Nybø (17) og Andrea Grønvold (17).

Dei forklarar at det måtte bli i dag dei skulle sjå filmen, då heltene skulle kome.

– Vi sat på skulen då nyheita kom. Eg måtte i all hast kontakte bror min og få han til å kjøpe billett, sa Nybø.

Bror Runar Nybø var klar då billettene vart slept. Han var også på plass i kveld.

– Nei vi får berre håpe at dei rekker det, og krysse fingrane, sa han tappert.

Sjekka ferjetidene i desperasjon

Kjem dei, kjem dei ikkje?»-spørsmålet var nervepirrande for fansen. Enkelte satt og såg på ferjetidene Solavågen - Festøya for å avgjerde kor gode sjansane var for Magdi og Chirag ville dukke opp.

Frå backstage-inngangen, då rulleteksten akkurat var ferdig, fekk Karpe Diem klarsignal av kulturhusleiinga til å springe ut framom lerretet. Utfallet av dramaet denne kvelden var så vellykka, at om ein ikkje hadde visst betre kunne ein trudd det hele var eit velregissert show.

VIDEO: Kom bakvegen til ellevill jubel

– Eg fekk gåsehud av filmen seier Grønvold.

Det faktum at Chirag og Magdi dukka opp mot alle odds kan også ha bidratt til det.

– Eg byrja å skjelve då dei plutseleg kom inn, seier ho

Jentene fekk oppfylt ønsket sitt om å ta bilete med iallfall ein av stjernene – kvelden gjekk frå smått skuffande til bortimot ekstatisk.

Fleire unge frammøtte nytta høvet til å stille spørsmål direkte til Karpe Diem.

– Takknemlege for at folk gidder å sjå filmen vår

– Vi skulle eigentleg vere her før filmen, men det var noko uvær som gjorde at flyet nekta å lande her i Ørsta. Vi måtte kjøre med buss og ferje frå Ålesund, forklarer Chirag Patel i  stjerne-rapduoen Karpe Diem til Møre-Nytt.

Dei rakk fram i tide kom inn bakvegen, og overraska fansen.

– Vi har valt å dra til litt mindre stader enn dei typiske storbyane. Det handlar litt om at filmen er spelt inn med tre konsertar i Oslo spektrum. Då måtte man liksom kome til Oslo. No villie vi gi fansen rundt om i landet dette her.

Kvifor reiser de rundt og ser filmen saman med fansen?

– Vi synest der kjempeartig! Vi er jo vant til å reise rundt og halde konserter, så vi blir nesten litt rastlause av å sitte å se på. Men mykje av morroa ligg i å møte fansen.

– Kva blir det neste no?

– Det veit vi faktisk ikkje, dette er eit ekte adjø. Derfor er vi veldig takknemlege for at folk gidder å kome og sjå filmen vår.

Det seier Patel med referanse til tittelen på filmturnéen, som alle fans veit heiter Adjø Montebello. Albumet som filmen byggar på heitar Hei Montebello.

Dei hadde premiere i Trondheim torsdag. Etter Ørsta gjekk turen vidare til Stryn og Norfjordeid i ein fire dagars turné som har eit forrykande tempo.

Ein film som skapar sterke band mellom artist og publikum

Så vart filmen sett på. Den byggar i kort fortalt på ein reell debatt mellom Erna Solberg og Magdi Abdelmaguid, om i kva for grad det var riktig av Solberg å utrykke nøytralitet i Palestina-Israel-konflikten eller ikkje. Rapdueon, Magdi Ytreeide Abdelmaguid og Chirag Rashmikant Patel,  blir i flimen dømt til døden for manglande nøytralitet, men får oppfylt sitt siste ønske: å spele tre store konsertar i Oslo spektrum.

Ved å bake heilt ekte, storslåtte konsertopptak frå Oslo spektrum inn i  fortellinga, knyt Karpe Diem ekstra sterke band til fansen. Filmen frå Rap-duoen og regissør Thea Hvistendahl er samstundes ein fiksjonsfilm ekstremt rik på viktige detaljar og referanser. Karakterane og stilgrepa vil for dei fleste innvidde vere velkjente ifrå musikkvideoane. Både superhits, dataspel-grafikk, konsertopptak, actionscener og historiefortelling er baka saman i eit oppsumerande sluttprodukt, med påfølgande utselte kinoførestillingar.