Ikkje alle nyttar sommarferien til å sleikje sol på ei badestrand i Hellas eller saumfare norskekysten med bil og bråkete born i baksetet.

Nokon vel å bruke ferietida til sykling – som til dømes ørstingen Terje Haugen Øye (24), som kjem frå staden med same namn i Norangsfjorden.

- Heilt spesielt

Måndag, då Møre-Nytt kontakta han, stod han og følgjet klar på Col du Grand Colombier – eit pass i Jura-fjella, ganske nøyaktig 1.501 meter over havet, berre eit steinkast frå grensa til Sveits.

Då venta dei på at stjernene Fabian Cancellara, Bradley Wiggins, Mark Cavendish og vår eigen Edvald Boasson Hagen skulle kome pesande forbi på syklane sine, med nærast firesifra puls og mjølkesyra sprutande ut av øyra.

– Tour de France er heilt spesielt når du ser det live, seier Terje Haugen Øye.

– Eit vanvitig sirkus

Saman med elleve andre jamaldringar frå Stryn og Hornindal, nyttar dei ferien til å sjå heile fire sykkeletapper i baguetten sitt heimland.

– Vi reiste ned onsdag 4. juli og skal heim att fredag den 13. Vi såg den fyrste etappen laurdag, og eg må seie at det er utruleg kjekt å vere her nede. Tour de France er eit vanvitig sirkus, seier Øye.

Norangsfjordingen stadfestar inntrykket ein får gjennom tv-ruta: touren har enorm publikumsappell, og bidreg til eit folkeliv utan like.

– Her er utruleg mykje folk med stor interesse for sporten. Nærast alle ein møter er imøtekomande og interesserte i å diskutere sykling og andre ting.

Tilrettelagt

Øye fortel også at arrangørane gjer ein god jobb med å hausse opp stemninga blant publikum.

– Ein times tid før ryttarane kjem køyrer dei gjennom løypa med karavane, lagar stemning og hiv ut tour-effektar til folk. Det er eit godt organisert arrangement, og det kostar ikkje ei krone å få med seg rittet frå sidelina. Viss etappen går oppe i fjella, vert ein til og med skipa opp med buss – heilt gratis.

Det klingar godt i sunnmørske øyre.

Øye nemner berre ei lita ulempe med turen, og den er ikkje stor ifølgje han sjølv.

– Einaste minus er at ein ikkje får med seg like mykje som når ein sit heime og ser rittet på skjermen, men noko må ein ofre.

Fjellgeiter

– Har du ein favorittryttar du heiar på då?

– Eg har i grunnen ingen ryttar eller lag eg heiar på, men eg har alltid hatt sansen for gode klatrarar. Tempohestar er greitt, men han som vinn samanlagdsigeren bør vere offensiv og god i fjella. Eg håpar den beste ryttaren vinn, seier Øye.