I mai vert det for aller fyrste gong halde eit Pride-arrangement i Ørsta og Volda.

–I ein fire dagar lang festival vert det fokus på skeive rettar, mangfald og glede, skriv Ørsta/Volda Pride i ei pressemelding.

Maifest

Det er Ørsta/Volda Pride som arrangerer Bygdepride. Arrangementet vert halde frå 10. mai, som er Helgetorsdag, til søndag 13. mai.

–Det vert parade, konsertar, kino og foredrag, alt i ein spennande miks, og der alle, uansett kven dei er, er velkomne, varslar arrangøren.

Ørsta/Volda Pride vart skipa som organisasjon i oktober, og har som føremål å fokusere på lesbiske, homofile, bifile og transpersonar sine rettar i bygdemiljøet.

- Vi ynskjer å vise at Ørsta og Volda er eit lokalsamfunn som viser aksept og mangfald, og der alle skal kjenne seg heime. Ingen skal lenger kjenne at det er naudsynt å flytte fordi ein er annleis, seier leiar Anbjørn Steinholm, Frislid i Ørsta/Volda Pride.

Han og Ørsta/Volda Pride inviterer alle til å vere med på tidenes fyrste Bygdepride, som er namnet på sjølve arrangementet i mai.

- Vi er også så heldige at vi har sikra oss gode samarbeidspartnerar gjennom Hjørundfjord filmteater, Musikk i sentrum, Studenttinget i Volda, Høgskulen i Volda og kyrkja mellom anna. Det gjer at vi kan greie å gjennomføre fleire spennande arrangement, seier Steinholm Frislid.

Programmet

Torsdag 10. mai går startskotet for Bygdepride med filmframsyning på Sæbø. Det er Hjørundfjord filmteater som set opp filmen «Pride» ved Sæbø D/S ekspedisjon. Det vert ein kino i ei fin ramme.

Fredag 11. mai er den store paradedagen. Fyrst på dagen vert det presentert homo-erotisk litteratur frå 1930-talet i Ivari Aasen-tunet, før  det er klart for parade med avsluttande appellar i Volda sentrum fredag ettermiddag.

- Her inviterer vi alle til å vere med. Dette skal verte ei festleg og fargerik markering. Lag og organisasjonar i Ørsta og Volda vil få skriftelege invitasjonar, men paraden er for absolutt alle, seier Steinholm Frislid.

På kvelden vert det invitert til samkome på Rokken.

Laurdag er det klart for friluftskonsert i Ørsta sentrum om ettermiddagen. I Laguneparken spelar artistar som Egil Olsen og Jon Olav (frå Barstadvik). Dette er eit gratisarrangement, ope for heile familien.

Laurdag kveld vert det eit eige arrangement for ungdom på Kahuset i Ørsta, og på Rokken om kvelden vert det Eurovision-samling.

Søndag er det klart for konsert i Volda kyrkje, der programmet enno ikkje er heilt klart, men der fleire artistar har sagt seg villige til å vere med.

Og om folk meiner dei ikkje har fått bevega seg nok under desse arrangementet, vert det Pride-trim hos Stamina i Volda søndag.

Fagseminar

I tillegg vert det eit fagleg seminar frå Historisk Institutt ved Høgskulen i Volda.

- Vi gler oss til desse dagane, og håper folk i Ørsta/Volda, ja heile Søre Sunnmøre og Nordfjord, vil vere med på festivalen, seier Steinholm Frislid.

Han og Ørsta/Volda Pride lovar å kome tilbake med fleire detaljar etter kvart.

- Og så er vi avhengige av hjelp frå frivillige. Det er berre å følgje med på Facebook-sidene våre  om dette, fortel Steinholm Frislid, i ei pressemelding.