- Forholda var nok ikkje heilt optimale, seier han etter å ha fira seg trygt ned på bakken igjen frå krana som var sett opp i Hamneparken.

- Men det kunne ha vore verre, legg han til.

Publikum var uansett imponert over balansekunstnar Eskil Rønningsbakken sitt show torsdag. På eit trapes festa i ei høg kran, utførte han balansekunstar fleire titals meter over bakken. Det kom eit og anna gisp frå publikum, og kanskje med god grunn. Rønningsbakken utførte showet utan sikring.

- Men dette var reine rutineøvingar, seier han. Utan at det vil seie at andre bør prøve seg på det same.

Embla Baarholm var blant dei mange som møtte opp for å sjå.

- Det var skummelt å sjå på han, seier ho imponert.

Det er femte gong Rønningsbakken er i Ørsta, og han har byrja å verte eit kjent namn for mange.

- Og eg er svært glad for at så mange tok turen. Eg hadde ikkje venta det på grunn av veret, så det var morosamt, seier han.

Fredag går turen til Molladalen der han vil vere med på tur til Bladet. Der vil han hjelpe dei som ønskjer å klatre opp til toppen. Også dette i regi av Naturfestivalen.