Deutschland hadde 1.000 passasjerar om bord. Dei sat i land rundt 350 passasjerar som fylte sju bussar. Desse vart tatt vidare over Stordalen og Trollstigen og tilbake til Ålesund kor dei går om bord igjen.

Det er første gang i nyare historie at eit cruiseskip sett i land passasjerar på Urke. Folk i leiinga av Urke Utvikling kunne fortelje at det ikkje var gjort avtaler med reiarlaget om ilandstiging før dei høyrde rykte om at skipet skulle kome kvelden 30.7.14.

Ettersom Geiranger no er overfylt vil det vere venta at fleire cruiserederi nyttar Urke som transitthamn for passasjerane sine. Naturen er jo vel så vakker her som i Geiranger, meiner høgst ugilde bygdefolk. Ein vil tru at avtalar er gjort mellom kailaget på Urke og reiarlaga forut for nye besøk.