Til trass for den unge alderen har ørstingane Simon Dagfinrud og Stephan Ervik, og voldingen Olav Standal Tangen, mange års erfaring med arbeid innan foto, grafisk design og web-utvikling. Tidlegare i år oppretta dei aksjeselskapet Cape Branding, og etter mange søvnlause netter vart nettstaden til den nyetablerte bedrifta lansert torsdag. Dei tre kameratane skal alle til på siste året med medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande skule. Samtidig har dei von om at mykje og godt arbeid skal etablere branding og visualiseringsbyrået Cape Branding som ein merkevare.

– Heilskapleg produkt

– Vi har kvart vårt fagområde, og vi kjenner kvarandre godt. Vi ynskjer spleise kunnskapen og ferdigheitene våre saman til ein einskap, og lage eit heilskapleg produkt til kundane, seier Ervik.

– Om ei bedrift skal gjennomføre ein total rebranding så tek dei kanskje kontakt med ein grafisk designar, ein fotograf og ein webutviklar. Så skal alt settast saman, og sluttresultatet vert nødvendigvis ikkje så bra. Vi kan gjere alle desse prosessane med ei bedrift i lag. Vi er samsnakka og har tenkt korleis sluttresultatet skal verte frå dag ein. Vi er også kritiske til kvarandre, og målet er at produktet er noko som både kundane og vi er stolte av, seier Standal Tangen.

Den nyetablerte bedrifta har allereie fleire kundar på blokka, og dei siktar høgt.

– Vi ser på kva toppane i bransjen arbeider fram og prøver å overgå det igjen. Vi ser på internasjonale mediebyrå i t.d. Italia og Polen, og målsetjinga er at det vi lagar skal halde internasjonal standard, seier Dagfinrud.

– No prøver vi å byggje ein merkevare, og så må vi prøve å få større og større oppdrag. Sunnmøre er ein god plass å starte på, seier Ervik.

Positive tilbakemeldingar

Alle tre har sine nettverk innanfor sitt fagområde. No samlar dei nettverket sitt i bedrifta, og har von om å utvide det.

– Responsen så langt har berre vore positiv. Ynsket er at vi kan leve av dette. Planen er at alle tek eit friår etter vidaregåande der held fram med å utvikle bedrifta. Det er eit større potensial for at vi kan verte teken useriøst grunna alderen vår, men vi lagar alt frå botnen av og med nettstaden vi har lansert viser vi kva vi får til i lag, seier Standal Tangen.