Det var kl. 14.29 at politiet fekk melding om utforkøyringa i Barstadvik. Både brannvern, ambulanse og politi rykte ut til staden.

Der vart det slått fast at det  var tre personar i bilen, og at ingen av dei var skadde. Bilen var totalskadd.

Det er ikkje mistanke om køyring i ruspåverka tilstand, og saka vert vidare etterforska.

Dei tre som  var i bilen var alle utanlandske turistar.