– Tidleg på 1970-talet då eg utdanna meg til lege røykte 52 prosent av mennene og 32 prosent av kvinnene dagleg, og ved sidan av ulukker var røyking den viktigaste risikofaktor for tidleg død. Vi såg mange triste lagnader der røyking opplagt var ”The coffin nail” (”Likkiste-spikaren”), seier Gotteberg.

Kva viser tala?

Frå 70-talet og fram til i dag er røyking blant menn halvert.

– Det er imponerande kor flinke menn har vore når det gjeld røykeslutt. Røyking blant vaksne av begge kjønn har gått markant ned og ligg no nokså likt på 26 prosent. Det er enno meir imponerande at andel ungdomsskuleelevar som røyker blei halvert på 4 år frå 2001 til 2005. Delen av gutar som røykjer dagleg eller kvar veke falt frå 21 prosent i 2001 til 9 prosent i 2005. Hos jentene falt talet på røykjarar frå 27 til 12 prosent på dei same åra. Reduksjonen for vaksne kvinner er lågare enn for menn og ei av fire kvinner fortset å røyke også under svangerskapet.

Kritisk periode

For dei som vert røykarar er ungdomstida ei kritisk periode ifølgje Gotteberg.

– Dei fleste vaksne røykarar vart avhengige av tobakk i ung alder. I Norge er ungdomsskuletida (13 -15 år) ein kritisk periode. I 13 års alder røykte 1–2 prosent dagleg. I 15 års alder har dette auka til 8–9 prosent.

Sosiale forskjellar i røykevanar

Tala viser også at det er sosiale forskjellar i røykevanar.

– Det er tankevekkjande og utfordrande skilnader i røykevanar avhengig av inntekt, utdanning og sosial gradient. Blant 10.-klassingar i dei minst velståande gruppene røykte 15 prosent av gutane og 21 prosent av jentene dagleg, medan tilsvarande tal for dei materielt meir velståande var 5 prosent for gutane og 4 prosent for jentene. Jo kortare utdanning, desto høgare del daglegrøykarar. Ungdom med planar om yrkesfagleg utdanning og med sjølvrapportert dårleg familieøkonomi, røyker meir enn annan ungdom. Mi oppfatning er at for mange betyr røykeslutt eit bidrag til auka status.

Endringar i tobakksskadelova

Frå 1. juli 2014 vart det innført endringar i tobakksskadelova. Endringane omfattar røykefrie inngangsparti til helseinstitusjonar og offentlege verksemder, tobakksfrie skular og barnehagar (både grunnskule og vidaregåande skule), forbod mot røykerom og forbod mot sjølvbetjening av tobakksvarer.

– Alle er overtydde om at Røykelova og prosessane i kjølvatnet av denne og den uventa positive og sporty måten røykelova blei motteken på, spesielt blant røykarar, er viktigaste grunnen til den fine utviklinga. Det er god grunn til å rose røykarane over den positive haldninga mange har. Regjeringa følgjer no opp med utviding og presisering av innhaldet i tobakksskadelova frå 1. juli 2014.

Eit røykfritt fellesskap

– Det blir no norsk standard og opp til kommunane, arbeidstilsynet og spesielt dei ansvarlege for verksemdene å sjå til at endringane i tobakksskadelova blir følgt opp slik at både barnehagar, skular, møterom, arbeidslokale, transportmiddel, serveringslokale, utandørs inngangsparti til helseinstitusjonar og offentlege verksemder blir røykefri. Altså eit langt stykke på veg til målet om eit røykefritt fellesskap. Lukke til, seier Gotteberg.