Sunnmøre Fjellførarlag er beståande av Arthur Vartdal Midtgaard, Olav Vartdal Viddal og Håvard Myklebust.

– Vi driv opphavleg kvar for oss, men vi vart spurt om vi kunne vere med på å tilby nokre turar med litt høgare terskel under Naturfestivalen. Vi har vore mykje på tur saman, og har god erfaring i bratt friluftsliv. Vi slo oss derfor saman, og samla oss under Sunnmøre Fjellførarlag. Målet er å kunne vere med på å gje nokre fine, gode og trygge turar, men samtidig turar som er litt meir krevjande enn dei vanlege, fortel Arthur Vartdal Midtgaard.

Naturfestivalen

Den første turen dei vil tilby under festivalen går til Jakta.

– For å gjere turen litt meir spanande og meir spektakulær, så startar turen frå Viddal. Dette er ein av dei lengste og tyngste turane i Sunnmørsalpane, og absolutt ein tur ein kan skryte av i etterkant. Det er ikkje så vanleg å gå frå Viddal, men vi kjenner råsa og vegen godt, og kan garantere ein tur utanom det vanlege, fortel Vartdal Midtgaard.

Neste tur går til Vassdalstind, som er ein kjend tind for mange.

– Men småklyving mot toppen gjer at mange er usikre og ikkje tørr å gå turen sjølv. Her får ein utfordra seg om ein er usikker i bratte fjell, men vi skal sørgje for at alle kjem trygt til topps – og ned att.

Den siste turen deira under Naturfestivalen går til Store Smørskredting.

– Dette er ein sann diamant. Eit lite besøkt fjell, med bratt klyving siste partiet mot toppen. Vi vil påstå at det er eit av dei mest spektakulære fjella i Sunnmørsalpane, og vi kan garantere eit minne for livet for dei som tek turen saman med oss. Dette er ikkje eit fjell for pyser, men samtidig overkomeleg for dei fleste som har nokre fjellturar bak seg, forklarar Vartdal Midtgaard.

Vegen vidare

– Vi er svært glade for at vi skal vere med på arrangere fjellturar under Naturfestivalen, og glade for at vi vart spurt, seier Vartdal Midtgaard.

Etter Naturfestivalen kjem karane, som også driv individuelt, til å halde fram med Sunnmøre Fjellførarlag når det er høve for det.

– Vi tek på oss tyngre og lettare turar, både i store eller små grupper. Anten som alle tre samla, eller kvar for oss.