Dei skulle symje frå Lekneset til Hustadneset, ein distanse på vel 1,6 kilometer. Men det vart ein mykje tøffare tur enn dei kunne ane. For dei valde eit tidspunkt der solgangsbrisen var på det sterkaste. Det er nemleg eit faktum at når sommarvarmen verkeleg slår til, er Hjørundfjorden utsett for vind. Og med vinden følgjer bølgjer og straum.

Difor vart det ein solid omveg, og distansen vart over to kilometer. Dei kom seg i land mellom Hustadneset og Skår, og brukte ein time og førti minutt på turen.

Godt planlagt

Turen var godt planlagt. Å leggje av frå det eine neset til det andre neset krev utstyr og hjelp. To nye våtdrakter vart kjøpt inn. Dei held på varmen. I tillegg var følgje tinga.

Ida Maria Buzon Ose stilte med brett og padleårer, og var tett på symjarane heile tida. Vidare stilte Marius Riise og Hanna Kinn i følgjebåt.

Undervegs var humøret på topp heile tida. Det å ha følgje gav tryggleik.

Les meir om turen i papirutgåva fredag.