Eigedomsavdelinga i Volda kommune melder at oppattbygging av rådhuset i Volda er i rute. Det vil vere arbeid i og ved den nye delen av rådhuset heile sommaren, og det vert også ein del gravearbeid i området.

Rådhuset vart totalskadd i brann i oktober 2010. Kommunen har signert kontrakt med entreprenørselskapet HENT om oppattbygging. Kontraktsummen er på 41,4 millionar kroner. Av dette er 25,5 millionar finansiert av forsikringspengane, 9,5 millionar er momskompensasjon, og i tillegg har kommunen teke opp 13 millionar kroner i lån for å finansiere resten. Nybygget skal stå klart våren 2015.

– For oss som er på rådhuset no i ferieveke er det litt stillare frå arbeidsmaskiner enn det har vore på ei stund, melder dei frå kommunen.