– Besøket har vore veldig bra til no, og mykje betre enn i fjor. Det er eit heilt anna trykk. Det har sikkert litt med vêret å gjere, men det er også mange som førehandsbestiller. Denne veka er det litt stille, men vi har vore fullbooka dei siste fire vekene og vi er fullbooka framover, seier Vivian Ose Flø på Ørsta camping.

Det er både utanlandske og norske turistar som legg turen innom Ørsta.

– Det delar seg veldig i to. I hyttene så er det åtti prosent nederlendarar og belgiarar. Årsaka til dette er at vi samarbeider med eit byrå i utlandet. I vogner og bubilar, og då hovudsak bubilar, så er det så å seie berre nordmenn.

– Fantastisk vêr

På Aurstad camping i Austefjorden er det første sesongen for Stian Osdal som dagleg leiar.

– Vi er veldig godt nøgde, men vi har ikkje det store samanlikningsgrunnlaget sidan vi akkurat har teke over drifta. Det har også vore heilt fantastisk vêr denne sommaren.

– Kven er det som legg turen innom Aurstad camping?

– Det er både gjennomreisande og førehandsbestillingar, men hovudsakleg har mange fastbuande. Hovudtyngda av gjestene våre kjem frå Noreg, Tyskland og Nederland, seier Osdal som legg til at dei har fått mykje positive tilbakemeldingar frå gjestene.

– Folk har kosa seg

Bjørn Urkegjerde på Bondalselva camping er godt nøgd med sesongen fram til.

– Vêret har vore over all forventing, og folk har kosa seg gløgg i hel her. For vår del ser det bruktbart ut i år, og ligg an til eit normal år. Vi har gjestar som har vore her tidlegare, ein heil del gjennomgangsturisme og bubilar. Det har også vore brukbart fiske i elva sjølv om den har vore lita, og fangsten har vore ganske bra, seier Urkegjerde.

På Hjørundfjord Camping er dei også svært tilfreds med årets sommarsesong.

TXT- Tekst m innrykk: – Det har vore ein utruleg flott sommar. Det fine veiret har mykje å seie for besøkjande. Då sler dei seg nemleg til ro. Det har vore mykje auke i norske turistar, men også utanlandske, fortel Torbjørn og Gunnhild Slettedal.