– Vi trur det er ei vel to tusen år gammal gravrøys vi har funne. Ho dukka opp i ytterkanten i ei av to ti meter lange sjakter vi har grave ut, fortel arkeolog Jo Sindre Eidshaug frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Han har vore med på ei arkeologisk registrering på Bakk-Ola-marka i samband med ei utbyggingssak. No er det klart at arkeologane vil krevje ei arkeologisk utgraving før området eventuell kan verte sleppt fri til utbyggingsføremål.

Eidshaug understrekar at han ikkje er hundre prosent sikker på at det er ei gravrøys. Det vil ei utgraving eventuelt dokumentere.

To typar røyser

– Vi har to typar røyser. Det er rydningsrøyser og gravrøyser. Ei rydningsrøys vart lagt bi utkanten av ei rydda mark. Her vil steinane ha ulik storleik. Ei gravrøys er meir ordna. Og den røysa vi har avdekt har like store steinar, med storleik litt mindre enn eit hovud. Dei ligg dessutan jamt, og er fint lagt opp, fortel Eidshaug.

Ikkje langt frå røysa vart det også funne bein.

– Vi veit ikkje om dette er bein frå menneske eller dyr, og det ser ikkje ut som om dei stammar frå røyskonstruksjonen. Vi kan likevel ikkje utelukke at det er ein samanheng, fortel Eidshaug.

Interessant område

Han fortel at heile det området på Bakk-Ola-marka som no har vorte registrert, er interessant.

– Her er fleire fasar med dyrking. Rett under dagens overflate er der eit litt lysare felt med matjord, og lenger nede i sjakta er der to svarte felt som fortel at der har vorte dyrka jord. I mellom det øvste laget og dei to neste er der lag som viser at området har vore mykje utsett for flaum, fortel Eidshaug.

Vidare er der spor av svibruk – det vil seie at ein i tidlegare tider svidde av marka for å kultivere henne.

Det er spor etter ard, altså reiskap til å kultivere jorda, og der er moglege stolpehol.

– Det er vi ikkje sikre på, for desse såg vi i utkanten av sjaktene, og der har vi ikkje høve til å registrere no, forklarar Eidshaug.

Førromersk jarnalder

Når Eidshaug trur at det handlar om litt over to tusen år gamle funn, byggjer han det på ei datering som vart gjort i det same området då fjernvarmekablane frå Ørsta eldhus vart lagt for nokre år sidan.

– Då vart det gjort funn som vart datert til 150 år før år null. Det vil seie førromersk jarnalder. Vi trur det laget der røysa ligg har den same dateringa, seier Eidshaug.

Han understrekar at det må gjerast ei arkeologisk utgraving for å få meir kunnskap om funna.

– Vi er ganske sikre på gravrøysa, men her er så mange dyrkingsfasar at vi må gjennomføre ei utgraving før området kan utbyggjast, seier Eidshaug.

Gras

Eit av dei mest spektakulære funna som vart gjort under registreringa var nokre grastustar.

– Dei er faktisk ganske godt bevart, då dei har vorte kapsla inn og hermetisk lukka. Vi trur også desse kan vere to tusen år, fortel Eidshaug.

Graset har altså vorte oppbevart på om lag same måte som fossilar.

Sjaktene på Bakk-Ola-marka er no attgravne, og vil verte opna igjen når den arkeologiske utgravinga vert gjennomført.