Full sommar, skulefri – og så rett inn i ny «skule», bygdetunet på Brudavollen. Brudavollen og Ørsta Husflidslag i samspel om tema som kan kallast «Ung husflid», der unge jenter og gutar frå åtte til tolv år kan møtest nokre dagar og sysle med ymse slags handarbeid.

Det er første gong eit slikt prosjekt vert prøvd ut i Ørsta. Ein veit at slikt har vore i gong fleire år på t.d. Lillehammer, ein slags husflidsskule rett etter at skulane har teke fri og før det store feriekøyret er kome i gong. Men det var knytt stor spenning til prosjektet, ville nokon melde seg på, enn seie mange?

Fullteikna

Tretti plassar kunne ein tilby, og kurset vart fullteikna fort. Så mange melde seg på at ein måtte seie nei til fleire. Kurset varte i tre dagar, frå tysdag til torsdag i denne veka, men tilnærma full ”skuledag”, men innlagde pausar og matøkt.

Første dagen stod ull i sentrum. Då skulle dei lære litt om ull, karde og spinne, både på handtein og rokk, og dei fekk tove seg eit arbeid. Andre dagen kunne det vere litt farlegare tilstandar, med spikking på programmet pluss lysdypping. Men det gjekk ikkje meir enn nokre få centimeter med plaster, likt delt mellom elevar og lærarar.

Siste dagen var det flatbrødbaking og laging av kostar av bjørnemose. Slike kostar nytta dei før til å koste bort rusk og mjøl frå steikehella.

Sprudlande

Møre-Nytt var innom kurset fleire gongar og møtte sprudlande og ivrige elevar og glade lærarar, medlemmer av husflidslaget, for det meste. Og i det fine vêret var det til og med dekka til eit gedigent langbord ute til middagsmat.

Dei ansvarlege karakteriserer det heile som ein suksess, og dei unge er klare i sin dom: Dette var kjekt, og dette vil vi vere med på neste år også. Nokre har allereie meldt seg på, sjølv om tema for eventuelt nytt ung-husflid-kurs neste år enno ikkje er diskuterte.