Overraskinga var stor for Arne Ola Grimstad søndag ettermiddag. Med eitt dukka ordførar Rune Hovde i ordførarkjede opp på Sæbø bedehus, der Arne Ola feira barnedåpen til vesle Rebekka, dottera til Kirsten Ragnhild og sokneprest Espen Aarseth. Dei hadde døypt bornet i Hjørundfjord kyrkje tidlegare på dag.

Då ordføraren kom inn på bedehuset, gjekk han til talarstolen med det same, og byrja å tale om aktiv fritid. Det gjekk ei stund før Arne Ola skjøna at det var han det vart snakka om. Han entra scenegolvet han også, men visste enno ikkje kva som skulle skje.

Bodskap frå Kongen

- Eg kjem med bodskap frå Kongen. Du får overrekt Kongen si fortenestemedalje i sølv, sa Hovde.

Gledessjokket kunne neppe ha vore større då Arne Ola fekk høyre at han skulle ta i mot Kongen sin fortenestemedalje i sølv.

- Det er nokre som gjer ein ekstra innsats på fritida, og ein innsats som er til glede og nytte for andre, peika Hovde på.

Han fortalde om Arne Ola Grimstad sitt engasjement for samane, noko som starta då Arne Ola var ung lærar i Finnmark.

Døvesaka

- Vidare har han engasjert seg for døvesaka, og av ei av eldsjelene bak Døveskolen i Trondheim. Han har engasjert seg i politikk, med villsauer, i frikyrkja, som knivsmed og som fotograf og filmmann. Han var med på å drive bygderadio, og er engasjert på mange område, sa Hovde.

Han peika også på Arne Ola som familiemann, og takka også kona Margot for støtta ho har gjeve ektemannen sin.

Arne Ola Grimstad var både overraska, forfjamsa og rørt.

- Eg har opplevd mykje merkeleg i livet, men dette tolk kaka, fortel Arne Ola.

Han takka ordføraren for medaljen, og for orda som følgde med.

- Det som gjer dette til ei dobbel glede, er at det eg har gjort på fritida, det har berre vore kjekt. No skal det seiast at spesielt når det gjeld døvesaka var det nokre harde tak, men også det var kjekt å få til. Eg har stor respekt for dei som har fått medalje for det dei har gjort i arbeidet sitt. At eg no får ein slik heider for noko eg har gjort berre fordi eg har hatt lyst, det er for meg stort, sa Arne Ola i takketalen.

Til Oslo

Når han no får kongens sølv, følgjer det også med ein invitasjon til Slottet. Der skal han få helse på Kong Harald i samband med at alle som får fortenestemedalje i løpet av eit år vert invitert til audiens.

Det var ein rørt Arne Ola Grimstad som tok i mot Kongens fortenestemedalje. Ordførar Rune Hovde delte ut. Foto: Rune Sæbønes