– Når vi ser kven vi konkurrerte med for å få vere med, er dette stort. Mellom anna ser vi at Sandnes/Stavanger ikkje nådde opp, seier assisterande rådmann Eldar Rune Øye.

Med deltakinga i Europan, er det klart at utforminga av Ørsta sentrum vert ein konkurranse mellom unge arkitektar over heile Europa. Det vil gjere at sentrumsutviklinga vert sett under lupa frå skarpe arkitektauge. Dette er i tråd med både det kommunen ynskjer, og det fylkeskommunen ynskjer.

I alt er det tretten prosjekt frå norske kommunar og utbyggjarar som er plukka ut til å delta i Europan. Og eit av prosjekta er altså Ørsta sentrum.

– Dette vil ha mykje å seie for sentrumsutvikling, og sjølvsagt også samfunnsutviklinga, seier Øye.

Juryen peikar på at søknaden frå Ørsta var god.

– Prosjektet lanserer uttrykket ”I bakre rekkje” som ei skildring av den delen av fylket som Ørsta, Volda og andre mindre stader verker i. Det er bak kysten og oljehorisonten, heiter det i grunngjevinga. Mellom anna har juryen lagt til merke at eit tema for arkitektane vert korleis utviklinga i regionen og forholdet til Volda vil prege utviklinga av Ørsta sentrum.

– Ein viktig premiss for suksess i Ørsta vil vere å arbeide saman med lokale aktørar som kan medverke til å utvikle og aktivisere sentrum. Eit signalbygg er ikkje løysinga, men ein prosess som transformerer bygda sin relasjon til sentrum, og dessutan opnar opp eit nytt rom for mulegheiter i framtidas Sunnmøre, heiter det i grunngjevinga.

I den vidare prosessen skal arkitektane også finne kva som er og skal vere kommunen sin strategi for lokalisering av offentlege funksjonar.

– Fylkeskommunen kan medverke til å gjøre Europan-konkurransen til eit laboratorium for Søre Sunnmøre med forgreiningar til andre regionale prosessar. Ein del av oppdraget for eit vinnande team kan vere å leie eit «Atelier Sør-Sunnmøre» som utforskar dette meir, altså det å vere «i bakre rekke», heiter det i grunngjevinga.