– Som vi veit vart ulven observert på Tryggestad med det resultat at ein no finn døde lam og sauer. Laurdag vart ulven observert i Strandadalen, og det vart raskt gitt fellingsløyve. Troppane vart samla, og gjennom ordføraren i Stranda vart det søkt om fellingsløyve i Sykkylven og Ørsta. Svaret som vart gitt var at ulven måtte vere observert i kommunen før det kunne gjevast fellingsløyve, seier Bjørdal.

Ifølgje Bjørdal var ulven observert i Ramstaddalen klokka 11 i går, og innan ein time vart det gitt fellingsløyve i Sykkylven. Sporhundar frå Gudbrandsdalen er henta inn, og er lokalisert i området.

– Hadde fellingsløyvet i Sykkylven vorte gitt tidlegare hadde truleg ulven vore skoten. Det var fleire observasjonar, men fellingsløyvet var ikkje på plass, seier Bjørdal.

Måndag tok Bjørdal kontakt med Ørsta kommune for å få på plass eit fellingsløyve.

– Kommunen har vore i kontakt med Fylkesmannen i Møre og Romsdal, men svaret var at det er ingenting som tyder på at ulven vil ta vegen innom Ørsta. Men det er ingenting som tyder på at ulven er vekk, og vi veit ikkje kvar den vil bevege seg vidare. Eg vert forbanna, og faren er at folk reiser på jakt og skyt ulven uløyves, seier Bjørdal.