Den vel 3,5 kilometer lange Hjartåbergtunnelen har vore open for trafikk nokre månader, men med restriksjonar. For å få godkjent og offisielt opna tunnelen, vart det torsdag kveld gjennomført ei omfattande katastrofeøving.

Scenarioet var at to bilar hadde krasja inne i tunnelen. Føraren av den eine bilen hadde greidd å kome seg ut, medan den andre sat fast i ein brennande bil. Som om ikkje det var nok, krasja ein tredje bil i tunnelveggen lenger inne som følgje av all røyken som vart blåst ut.

Situasjonen var ikkje kjent for redningsmannskapet før alarmen gjekk, så utgangspunktet for øvinga vart ganske realistisk.

– Vi måtte kome oss raskast mogleg fram til den bilen og sløkkje. Det gjekk greitt. Vi hadde naudsynt utstyr og alt fungerte, konkluderer befalsvakt Stein Husevåg i Volda brann- og redning etter øvinga.

Bles frå Voldasida

Viftene i Hjartåbergtunnelen er konstruert slik at dei bles røyk ut mot Austefjord-sida. På den måten kan brannvernet frå Volda kome seg inn utan å verte blinda av røyk.

På øvinga torsdag var også Hornindal brannvern kalla ut for å assistere frå andre sida.

– Vi har samarbeid i tunnelane i Kvivsvegen, så då tenkte vi at vi kunne kalle ut Hornindal no også. Då kunne dei øve på å ta seg av trafikken på si side av tunnelen. Det er veldig greitt å ha nokon der som kan fortelje publikum kva som har skjedd og kor lang tid det vil ta, seier Husevåg.

– Bruk telefonane

Ein moderne tunnel har mykje tryggleiksutstyr og alarmar. Mellom anna vert Vegtrafikksentralen automatisk varsla om eit brannsløkkingsapparat vert fjerna, men for at ein skal få gitt beskjed om kva som har skjedd, bør ein bruke ein av naudtelefonane seier Husevåg.

– Elles er det god mobiltelefondekning inne i tunnelane.

Han er godt nøgd med resultatet av øvinga.

– For oss var det ein god repetisjon. Samarbeidet med politi og ambulanse fungerte veldig godt. Dei hadde også bra med ressursar på plass.