– Som trafikk- og servicestasjon ser vi det som vår plikt å ha fokus på tryggleik. Difor har vi kjøpt inn 5.000 alkotestar som russen kan kjøpe for eit russekort.

Dette seier retailer Tommy Larsen i Fjord & Fjell Stasjonsdrift, som driv 11 Shell-stasjonar i distriktet, mellom anna i Ørsta, i Ulsteinvik og i Ålesund. Der gir han russen eit godt tilbod frå i dag (onsdag) og fram til russetida er slutt 17. mai: Ved å levere frå seg eit russekort til betjeninga på stasjonen, får dei ein gratis alkotest tilbake.

Godkjent test

Testen fungerer ved at ein bles inn i ein liten pose. Så pressar ein lufta ut att gjennom eit lite krystallfilter. Om det er alkohol i utandingslufta, skiftar krystallen farge.

– Den gir utslag om det er så lite som 0,2 promille i pusten. Testane er godkjende og er heilt benkers, seier Larsen.

Han håper russen ikkje tek nokon sjansar når dei skal køyre dagen deretter i russetida.

– Vi håper dette kan bidra til auka tryggleik, og at dei i det minste testar seg før dei køyrer. Samstundes håper vi at ungdomane vert meir medvitne på dette.

Også dei som ikkje er russ kan få alkotestar på bensinstasjonen, men då må dei betale ein liten sum for dei.

– Bra tilbod

Tysdag vart årets russekull invitert til Ørsta for å få informasjon om tilbodet og prøve nokre alkotestar. Russepresident Marius Bøstrand takkar for tilbodet.

– Dette er veldig bra. Det er noko som nokre kanskje kjem til å trenge, og då er det greitt å ha tilbodet. Russetida er ei tid med mykje drikking, og også mykje bilkøyring. Då er det greitt å vite om ein kan køyre bilen heim att neste dag. Ein køyrer jo ikkje med promille, så er ein usikker, testar ein, seier han.

Lett å finne sjåførar

– Korleis er det å finne sjåførar til russebilane?

– Det er veldig mange tidlegare russar som tilbyr seg å vere sjåfør, så det er enkelt å finne. Dei seier det er det næraste dei kjem å vere russ igjen. Så det vert ikkje noko av at vi køyrer heim sjølve.