Det seier konserndirektør i Tussa, Elling Dybdal.

Dette er mellom anna som følgje av overskot av kraft i Norden, økonomiske utfordringar i Europa og lågare kolprisar.

Mørenett

Men det er også positive ting å trekkje fram. Etter samanslåinga av nettselskapa til Tussa og Tafjord, Mørenett, ventar Tussa å kunne få ei betring i driftsresultatet på 11,4 millionar i året fram mot 2023. Dette er høgare enn om dei hadde halde fram aleine som Tussa Nett.

– Og det kompenserer noko i bortfallet av produksjonsinntekter, seier Dybdal.

Han seier dei no må jobbe saman, frå kjellar til loft, for å halde drifta gåande i åra framover.

– 2013-resultatet var svært godt. Det er Dagmar-effekten. Og i sum ventar vi ikkje dette resultatnivået før fram mot 2020, seier han.

Grunnlaget for å skape gode resultat i framtida er likevel til stades.

– Fornybar energi, linje- og fibernett er ein del av morgondagens løysingar. Vi går godt motiverte til utfordringane, men det må hushaldast på kapitalen for å sikre at samfunnsoppdraget vert løyst på ein tilfredsstillande måte.