Tysdag starta dei ei vekes lang oppdagingsferd langs Vestlandskysten med ein Nordkapp 760 Enduro skjærgardsjeep.

Eitt av første stoppa på turen var Hjørundfjorden, der dei brukte tida på toppturar og besøk på Sagafjord hotell.

I fire videoar skildrar reporterane Claes Olivecrona og Gustav Morin turen opp til fjellet Blæja og turen ned att. Dagen vert avslutta med ein laksemiddag på hotellet på Sæbø, før dei neste dag tek laus med vasski på Hjørundfjorden.

Reporterane meiner det er ingen grunn til å reise langt av garde for å oppleve spanande natur og eventyr, når ein like godt kan reise til Sunnmøre.

– Nordmenn hevdar at Vestlandet er unikt i verda med sin miks av fjordar og fjell og eit naturliv utover det vanlige. Vi skal no finne ut om det stemmer ved å utforske plassen med båt, seier Gustav Morin, som er sjefsredaktør på Hamnen.se.

Sjå videoane her:

* Kramp, skav och gudomlig utsikt* Från fjäll till fjord – Hamnen.se åker utför* Vad mer kan man önska?* Uppvärmning i vattnet