Då arbeidarane til entreprenøren Hent AS kom på jobb tysdag etter påske oppdaga dei at dei mangla mykje verktøy.

- Spikerpistolar, sager, hammarar, boremaskiner.

Prosjektleiar Tore Vold ramser opp kva dei manglar. Ei sirlig liste er levert til politiet, men Vold har ikkje så stor tru på at tjuveriet vert oppklart.

- Totalt kostar det oss rundt 30.000 kroner. Det hindra oss også i arbeidet i går. Det er mykje styr når du skal kartlegge alt som manglar, kontakte politiet og ordne nytt utstyr, seier prosjektleiaren.

Også skilta på ein parkert personbil vart stolne.

- Vi veit ikkje når innbrotet kan ha skjedd. Sist vi hadde folk på arbeidsplassen var måndag i påskeveka. Så det har stått tomt i ei veke. Området var låst av, men dette er eit råbygg, så her er ikkje alarmar og slike ting, seier Vold.

i tillegg til å ta seg inn i det nye bygget, har tjuvane også vore inne i brakkeriggen for å hente med seg verktøy.

- Men heldigvis har dei ikkje gjort skadeverk. Det er det vi er mest redde for. Det tyder på at dei veit kva dei var ute etter.

Vold har også høyrt om eit liknande tjuveri i Ålesund i løpet av påska.