Det skriv leiar Per Are Sørheim og styremedlem Rune Hovde i eit brev til statsminister Erna Solberg og samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Dei viser til at dette vil vere eit naturleg val etter at Hafast vart valt som stamvegalternativ på Sunnmøre.

- Dette er eit val som ikkje var i samsvar med det politikarane i Ørsta meinte, men her har vi lenge vore i klart mindretal. Vi vil ikkje bruke meir energi på å kritisere valet som er gjort, skriv dei.

Samfunnsnytte

Etter regjeringsskiftet meiner Ørsta Høgre at mykje har endra seg. No vert det lagt langt større vekt på samfunnsnytten av ein veg når ulike alternativ vert sett opp mot kvarandre.

- Det var argumentasjonen som gjorde at Hafast vart valt framfor Fefast. Tilsvarande argumentasjon kan nyttast for val av midtre alternativ frå Volda til Sandane, hevdar Sørheim og Hovde.

Dei meiner at eit sterkare regionalt samarbeid mellom Sunnmøre og Nordfjord vil styrke og utvide Ørsta/Volda-regionen i framtida.

Ørsta Høgre meiner at det er viktig at gode vegløysingar vert utvikla kontinuerleg, og seier at det er viktig å ikkje stoppe opp ei storstilt vegsatsing på grunn av prosjekt som ligg i yttergrensene av det som er økonomisk og teknologisk mogleg å gjennomføre.

- Slik situasjonen no har vorte, ønskjer Ørsta Høgre difor å prioritere kryssing av Ørstafjorden og Voldatunnelen saman med ei midtre linje gjennom Nordfjord med trasé gjennom Stigedalen og med kryssing av Voldasfjorden. Dette vil gi ei god og framtidsretta løysing for vårt område.