– Det er tradisjon for ørstingane å avslutta påska her i Nottane, seier Børre Davidsen, Tore Øye og Kjetil Leira medan dei nyt den siste påskedagen i solsteiken.

– Korleis vil de oppsummere påska?

– Den har vore strålande og vi kan ikkje klage.

For dei tre har vore ein innhaldsrik og variert påske.

– Vi sitt ikkje berre her i solsteiken, og det har vorte og tur på Veirahaldet. Det har vore litt forskjellige aktivitetar. 1. Påskedag vart det båttur til Raudøya, og i dag er vi her. Årets påske har inneheldt både hytte, sjø, fjell, båtturar og uteliv.

No er skisesongen over på Ørsta skisenter, men karane legg ikkje skia vekk heilt enno.

– Sesongen her er no slutt, men det kan hende at det vert nokon toppturar. Og det vert nok den årlege turen opp på Kolåstinden, seier karane som også skryt at forholda og arbeidet som har vorte lagt ned Ørsta skisenter.

Gode påskedagar

Langfredag og 1. påskedag var dei beste dagane for skisenteret denne påska.

– Fredag var første dagen vi hadde ope, og dette vart også den beste dagen. Påskeaftan var litt spakare, men dette er også tradisjonelt ein handledag. 1. Påskedag var her bra med folk, men det var god plass til fleire, seier driftsleiar Rune Moltudal.

Ørsta skisenter hadde byrja å avskrive årets påske før det kom litt meir snø og vêret snudde, og dei er godt nøgde med årets påske.

– Det gjorde at vi opna opp att. Nottane har ikkje vore ope heilt opp, men folk har vore godt nøgde likevel. Det at vi fekk denne påska hjelper godt på for oss og for dei som har sesongkort. Vi har hatt ope godt over førti dagar, med kveldar, denne sesongen.

Roleg påske

For Ørsta Røde Kors Hjelpekorps har det vore ei roleg påske.

– Vi hadde ei lita skade som vart behandla langfredag, men elles har det ikkje vore noko. Vi vart og kalla ut på eit skred langfredag, men aksjonen vart avblåst. Vi håpar at minst muleg skal skje, og på den måten har denne påska vore god. Når vêret er slik det har vore så er det berre flott at folk kjem seg ut, seier Jarle Steinar Bjørdal i hjelpekorpset.

Med tanke på snøskredfare i fjellet viser Bjørdal til varsom.no.

– Generelt så ligg det på faregrad to. Det betyr ikkje at folk ikkje må ta sine forholdsreglar. Spesielt i austvende sider på 8–900 moh kan det vere tørr snø. Så gjeld det også å vere obs på skavlar, og det gjeld året rundt.

Dårleg telefondekning

Både hjelpekorpset og skisenteret ynskjer også at telefondekninga i området rundt skisenteret skal verte betre. Nede ved parkeringsplassen er ofte signala heilt vekke.

– Det einaste vi saknar er betre telefondekning, og her har Telenor ein jobb å gjere, seier Bjørdal.

Mange av nytta seg av snøholene i Nottane gjennom påska, og også 2. påskedag var dei populære.