Det går fram av forslaget til kommunedelplan for Ørsta og Hovdebygda,

I grunnlaget for planen, heiter det rett nok at på sikt vil alt jordbruksareal innafor tettstadsgrensa verte omdisponert. Likevel fråvik ein dette i planutkastet.

– Dette skal gje eigarane/drivarane tilstrekkeleg tryggleik til å gjere naudsynte investeringar, heiter det i planutkastet.

Når det gjeld om, råda på Brekke og i Melsbygda–og ein del område på nordsida av Ørstafjorden og i Liadal, ligg desse utanfor tettstadsgrensa. Her er landbruksinteressene prioriterte.

I planframlegget er det foreslått LNF-område med spreidd busetnad på Engeset–Nupen. Dette området er relativt oppstykka i dag, og det strekkjer langsmed vegen og er avgrensa av rasfare i bakkant.

– Den potensielle utbygginga er difor avgrensa, og i planen er grensa sett til 14 hus (7 nye).