Åtte personar var ved rasområdet, og tre av dei vart tekne av skredet.

Ei rekkje redningsetatar vart varsla. Mellom anna rykte Norsk luftambulanse ut frå Dombås, og eit helikopter med hundeekvipasjar vart sendt frå Lom, og eit Seakinghelikopter vart sendt frå Florø.

Poltiet fekk etter kvart kontakt med personar i rasområdet som opplyste at alle hadde greidd å kome seg uskadd ut - også dei tre personane som var tekne av skredet.

Følgjet gjekk ned til Trandal, og ville ta kontakt med politiet når dei var komne ned. Redningsaksjonen er avslutta.