– Her likar vi oss. Det er ein fin plass, så vi har vore her mange år på rad, sa familiane Hellevik, Hide og Remøy, som hadde fortøydd i hotellhamna.

Medan det regna og var kaldt ute, var humøret på topp mellom folket i dei mange nabobåtane som låg tett-i-tett.

– Vi er ein heil gjeng som brukar reise saman. Vi bestemmer oss for kvar vi skal reise, så møtes vi. Det er sjeldan at ein båt stikk andre plassar, seier Wenche Hide.

– Kva gjer at de reiser til Sæbø?

– At her er natur med fine turmulegheiter i fjellet, butikk som er open, og hotell, seier dei, og avslører at det truleg vert ein tur på dansen på hotellet laurdag kveld.

– Og påske er sesongstart for båtturar?

– Ja. Vi starta i påska i fjor også, men då var ho tidlegare. Då måtte vi tørke is og snø av båtane, seier dei og ler.

– Men det er godt og varmt her inne i båtane, så det går heilt fint.