I Kostra-tala for 2013 var det for fyrste gong ei samla ”oppteljing” av mengda gjester i alle gudstenestene som gjekk føre seg i løpet av påskeveka i Noreg. Dermed er det også mogeleg å måle aktiviteten i påskekyrkja i Ørsta og Volda, samanlikna med resten av Kyrkje-Noreg.

Gjester i Ørsta

Det var tolv gudstenester i Ørsta i løpet av tida frå skjærtorsdag til og med andre påskedag. Og total mengd gjestar i Ørsta-kyrkjene viser seg å vere på 1.391 personar. Nokre av dei har nok gått fleire gonger, men dette er altså det samla gjestetal i Ørsta. Tala er å rekne som førebelse.

I Volda kommune viser SSB-tala at det var 1.229 personar som gjesta påskekyrkja der. Dette skjedde og i løpet av totalt tolv gudstenester i den stille veka.

-Viktig for kyrkja

For veldig mange kyrkjegjengarar er påskehøgtida svært viktig, noko seniorrådgivar i Kirkeådet, Per Tanggaard forklarer med det store påskedramaet.

- Påskehøgtida har vore kyrkja si feiring av Jesu død og at han sto opp frå dei døde. Dette dramaet står sterkt i kyrkja si historie med innstiftinga nattverden, Jesu død på krossen og oppstoda som forkynner at døden er overvunnen, fortel han.

Slått av jula

Påskefeiringa i kyrkjene må seiast å vere langt mindre besøkt enn det som skjer rundt julehøgtida. Julaftan er den soleklart mest gjesta dagen i løpet av året, og i fjor var det over 550.000 personar i kyrkja på Julaftan. Til samanlikning var det totalt 195.000 deltakarar på gudstenestene i påskeveka i fjor. I Ørsta og Volda er ikkje skilnaden like stor.

- Det er nok mange som feirar påska på fjellet, på hytta eller tek ein ferieveke, forklarer Tanggaard.

- Klart det er nokon som og nyttar høvet til å lytte til påskevangeliet på radio eller TV, men tradisjonen med å gå til gudsteneste i påska har nok for svært mange blitt historie, slår han fast.

Ørsta rangert etter besøkstal

Ved å setje besøkstala opp mot innbyggjartalet i kommunane, har vi belegg for å ”kåre” dei største påskekyrkje-kommunane i Noreg. På landsbasis var 3,8 prosent av innbyggjartalet innom kyrkja i påska i fjor. Ikkje overraskande er det eit belte langs kysten frå Telemark til Sunnmøre som toppar listene. Heilt øvst kjem Noregs minste kommune, Utsira i Rogaland. Der var 42,7 prosent av innbyggjartalet innom gudstenestene i løpet av påsken i fjor. I andre enden av tabellen finn vi Vestby i Akershus, der berre 0,5 prosent av befolkninga var i kyrkja.

Så då kan vi slå fast at Ørsta kommune er Noregs 39. størte påskekyrkje-kommune, då det her var so mykje som 13,2 prosent av befolkninga som stakk innom kyrkja i løpet av påska i 2013. I Volda var det heile 13,8 prosent av folketalet som gjesta kyrkja, noko som gir ein fin 36. plass på landsoversikta.

Mest i Møre og Romsdal

Tanggaard var inne på at påska var viktigare for kyrkjefolk tidlegare.

- Eg har ikkje sett noko direkte tal om dette. Men om ein les eldre litteratur, synest det som at påska, særleg 1. påskedag, var ein stor gudstenestedag.  Men då må ein nok gå tilbake kanskje 40-50 år.  Det virke som at oppslutninga i påska langt på veg var på høgde med deltakinga på julaftan den gongen, seier han.

Tabellane frå SSB viser at Ørsta og Volda er dei som kjem best ut blant kommunane i Møre og Romsdal. Så kan vi fastslå at Kristiansund kommune hadde minst gjesting i fjorårets påske, då berre 2,4 prosent av folketalet der var innom kyrkja i den stille veka.

-BETRE FØR: Seniorrådgivar i Kirkeådet, Per Tanggaard, kan fortelje at påskedramaet lokka fleire folk til kyrkjene før i tida. I fjor var det likevel heile 2.620 personar som gjesta gudstenestene i Volda og Ørsta i løpet av perioden frå skjærtorsdag til andre påskedag. (Pressefoto)