Berre ein av ti lærlingar som er oppe til fagprøva får karakteren Meget godt bestått. Malin Berg er ein av dei.

Kjekt og spennande

Dei to siste åra har ho vore lærling hos Autoservice i Ørsta. Nyleg var ho oppe til fagprøva i lakkering. Ei prøve ho klarte med glans. Men det er ikkje lenge sidan ho ikkje visste kva veg ho skulle gå.

– Eg har vore innom både design og handverk, blomsterdekoratørlinja og har jobba i barnehage, fortel ho.

Då ho starta på teknikk og industriell produksjon i Ørsta fall ting på plass. Seinare har ho gått lakk og karosseri i Ålesund.

– Det er dette eg vil. Det er både kjekt og spennande. Eg har alltid likt bilar, men har ikkje så god peiling på motorar.

Mannsdominert

Ho seier at ho alltid har vore ei såkalla gutejente, så at ho har hamna i eit svært mannsdominert miljø gjer henne ingenting.

Ved Autoservice er dei 26 tilsette, men berre tre av dei er kvinner. Verksleiar Kent Riksheim er glad for å ha Malin med på laget.

– Ho er dyktig og nøyaktig og gjer eit svært godt arbeid. Som kvinne har ho også fordelen med at ho kjem lettare til på kronglete stader på bilen. Der vi menn gjerne må demontere ein del for å kome til, smett ho inn. Ho legg arbeid i at ting skal vere bra, rosar han.

Fleire jenter

Fagprøva varte over fire dagar, og Malin måtte vise at ho kan både sparkle, rette bulkar og lakkere på ein skikkeleg måte. Lakkering er eit estetisk fag, og Malin trur fleire jenter hadde likt seg i yrket, dersom dei berre hadde tort å ta steget.

– Eg trur mange vil, men vegrar seg for å prøve fordi det er rekna for å vere eit mannsyrke.

Framtid

Lærlingtida nærmar seg slutten, men Kent Riksheim håper Malin vil halde fram med dei i Autoservice.

– Og om eit par år vil eg gjerne sjå at ho tek fagprøve i karosseri også. Vi vil gjerne ha henne her. Ho legg sjela si i det ho driv med, og ho har ei framtid her, viss ho vil, lovar han.