I marinaen på Strømpeneset har ekteparet dei siste vekene gjort førebuingar til ein ferie utanom det vanlege. Syklar, kajakkar, ski, gummibåt og bagasje har vorte lasta om bord i seglbåten «Fant», som dei neste seksten månadene skal fungere som bustad og transportmiddel på vassvegane rundt om i Europa.

Har planlagt lenge

Ideen om å ta eit friår frå arbeidet kom på ein ferietur med gamlebåten deira.

– Det slo meg kor fint det hadde vore å få vere om bord i eit år, ikkje berre eit par veker. Så bestemte eg meg for at det skulle eg gjere. Permisjon frå arbeidet søkte eg om allereie i 2011, så turen har vore planlagt i lang tid, seier Kåre Johan Eikrem.

Frå ein hektisk arbeidskvardag i leiinga i SafeRoad, vert kontrasten til ein stressfri kvardag til sjøs stor.

– Det hardaste vert nok å starte på arbeid att etter å ha vore lasaron i eit heilt år. Samanlikna med arbeidet, er dette eit heilt anna liv. Ein har ikkje noko å stresse og gruble over, og har ikkje problemstillingar å løyse i jobbsamanheng. Det vert ein overgang. Det går kanskje ei stund før ein lærer seg at ein kan ligge nokre dagar og berre lese ei bok om ein vert liggjande vêrfast. Vi får ta ein dag om gangen, seier han med eit smil.

Dei europeiske vassvegane

Turen starta frå Ørsta søndag. Første etappen sørover skal gå roleg. Påska skal brukast i Rosendal, 17. mai skal feirast i Oslo. Så startar turen over til Göteborg, Skagen, Malmö og Bornholm, før ruta går inn i det europeiske fastlandet.

– I Szczecin i Polen skal masta ned. Så startar turen inn på kanalane. Først på Vest-Oder, mot Berlin, så Rhinen og vidare mot Mosel og dei franske vassvegane til Paris. Der vil vi vere nokre dagar før vi reiser austover att mot Lyon og Marseille. Der mastar vi opp att. Så kjem vi ut i Gibraltar, der vi skal ligge frå oktober til våren kjem, seier Eikrem.

Rundt den Iberiske halvøy

Neste vår startar turen nordover att, denne gongen på «utsida» av kontinentet. Først langs kysten av Portugal, før dei seglar inn i Biscayabukta.

– Vidare skal vi til kanaløyane, så til Cornwall, Irland, Skottland, Orknøyane og Shetland, før vi er heime att i Ørsta i løpet av juli neste år.

Å reise på dei europeiske kanalane er eit ruteval få langturseglarar tek. Det ligg mykje planlegging bak ein slik tur.

– Det er eit stort tal kanalar, så ein kan ta mange ruteval. Nokre hovedleier må ein ta, men ein må lese seg opp på kor breie og djupe slusene er, og om ein må gjennom tunnelar. Det er ikkje alle plassar denne båten går, seier Eikrem, som lenge har hatt lyst å sjå nærare på destinasjonane dei no skal besøke.

– Eg har reist ein del i heile området vi skal inn i. Det har stort sett vore frå motorvegar, flyplassar og møterom, men eg har sett at det kan vere bra plassar. Den tyske delen av Moseldalen ser eg spesielt fram til. Samleis med Rhondalen. Der er det fantastiske område inn mot Provence.

Ikkje latmannsliv

– Kva gler du deg til på ein slik tur?

– Vi likar å vere aktive. Så det vert nok mange sykkelturar og skiturar. Vi skal overvintre i Gibraltar, så vi kan ta skisesongen i Sierra Nevada mellom november og april. Då kan ein rekke både havet og ein skitur på same dag. Vi skal nyte livet, men det skal trenast også. Det vert aktive kvardagar for oss.