Som første talar på næringskonferansen torsdag, fortalde Aurstad historia om suksessbedrifta som starta i det små for snart tretti år sidan, men som i dag har fått noregs største vegkontrakt.

Vegen har vore lang, og mange lange vegar har vorte bygd gjennom firmaet K A Aurstad. Etter å ha gått handelsskulen, starta Aurstad som maskinførar. Ein sommarjobb som dumpersjåfør hadde gjort at han fekk stor interesse for anleggsbransjen, og snart fekk han røynsle med dambygging, tunnelarbeid, utbygging av industriområde og byggjefelt.

– Det var ei travel og svært lærerik tid for meg, sa Aurstad.

I 1985 tok han steget ut og skipa eige firma. Oppdraga vart fleire og større, han starta tidleg med hovudentrepriser.

I dag har firmaet vekse til å verte eitt av dei store entreprenørfirmaa i landet, og omsette i fjor for over ein halv milliard kroner.

– Må få sykkelveg

Likevel er Aurstad trygt forankra i lokalmiljøet, og brenn for lokale saker.

– Det er viktig for oss å støtte skisykyttarstadionen, fotballstadionar og anna som er rundt oss. Vi ønskjer også at politikarane i Volda og Ørsta held fram det gode samarbeidet dei har starta, og får på plass det vi treng i nærmiljøet, sa Aurstad til forsamlinga på næringskonferansen.

– Eg meiner vi snart må få ein sykkelveg som går på eine sida mellom Ørsta og Volda, så ein slepp å drive å krysse vegen. I Furene er det berre å få på plass den fjerde arma i rundkøyringa, og lage ein gangveg der i frå og inn på Ekset. Så kan alle som syklar mellom Ørsta og Volda få sykle trygt, sa han. I tillegg hadde han eit par innspel til E39-debatten.

– Når vi har brukt to milliardar skattekroner på å byggje E39, må vi skøyte på endane. Det må vi gjere ved å byggje eit toplanskryss ved sjukehuset, gå gjennom fjellet og byggje eit toplanskryss i Furene. Så må vi vidare, og då er kortaste vegen til Festøya. Å gå over og under fjell meir enn naudsynt, er det ei miljøbelastning. Eg håper rikspolitikarane er fornuftige og dreg den kortaste og beste linja ut i frå det dei tidlegare har investert.