– Der er både smørolje og diesel om bord. Det boblar jamt og trutt frå vraket, og det luktar til tider olje i området. Lekkasjen har ikkje vore så stor til no, men ingen veit når lekkasjen vil vekse seg større. Det er mykje olje om bord, seier ordførar i Sykkylven, Petter Lyshol (H).

Hindrar større båtar

Frå Hundeidvik er det kort veg inn fjorden til Vartdal og Hjørundfjorden. Lyshol trur ikkje det er stor fare for at lekkasjen vil nå hit, men han garanterer ingenting.

– Båten skal og må vekk. Så enkelt er det.

Han fortel om fiskarar som har fått olje på fingrane etter å ha trekt opp garn.

– Det er ikkje slik det skal vere.

Båten hindrar også utvikling ved verksemda Fishtech i Hundeidvik. Trålaren låg til kai her for reparasjonar då den sokk. No kan ikkje verksemda nytte kaia lenger.

– Dei er avhengige av å ha båtar til kai ved fabrikken. Dei lagar utstyr og monterer i ulike båtar. No har det gått to år, og dette medfører utgifter for dei.

Staten

Øystein Røimål dykka ned til trålaren få dagar etter at den sokk. Han fortel at den ligg på kring 30 meters djupne, men at den øvste delen berre ligg om lag fem meter under vassoverflata. Dermed kan ikkje større båtar passere.

– Kystverket har halde på lenge og har utvikla ulike planar. Ein for å tømme båten for olje og ein for å fjerne den. Eg har heile tida sagt at det er uaktuelt å la den ligge, seier Sykkylvs-ordføraren.

Han fortel at Kystverket med jamne mellomrom flyg over området for å sjekke lekkasjen.

– Vekkasta pengar. Det er betre å bruke pengane på å fjerne vraket.

Håpet no er at staten vil ta rekninga med å få trålaren fjerna.

– Vi har alt brukt altfor mykje pengar på dette frå eiga lomme.

Reiarlaget, med tilhald i Murmansk, har dei ikkje lykkast med å få tak i.

– Om staten tek rekninga kan dei sende regress til reiarlaget. Vi treng nokon med musklar, seier Lyshol.

31. mars skal han i møte med samferdselsministeren. Han vil også prøve å få med seg fylkesmannen i Møre og Romsdal, i tillegg til eigne folk frå kommunen. Stortingsrepresentant Helge Orten har han også invitert med.

– Situasjonen er heilt uhaldbar, og vraket må vekk snarast mogleg.